Det var på båten "Birkeland", frå Austevoll-reiarlaget med same namn, der det oppsto brann fredag. Foto: Fitjar Mekaniske/tipsar
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Politiet har gjort avhøyr og arbeidstilsynet er kopla inn etter båt-brannen på Fitjar Mekaniske fredag.

Like etter 12 fredag rykka brannvesenet ut etter melding om brann på Fitjar Mekaniske.

No opplyser politiet at brannen oppsto i ein fiskebåt frå Austevoll-reiarlaget Br. Birkeland AS, som blei bygd på Fitjar Mekaniske i 2004. Då heitte båten Møgsterbas, men har seinare skifta namn til Birkeland.

– Politiet på staden har gjort sine undersøkingar og fått dokumentasjon, og teke avhøyr av personane involvert. Det var arbeid om bord på båten då brannen starta, og utgangspunktet for brannen er ein brønn på dekk, seier operasjonsleiaren i Sørvest politidistrikt.

Politiet opplyser at arbeidstilsynet rutinemessig er kopla inn etter brannen.

– Det er ikkje spesielt store skader, og det blei raskt kontroll på brannen. Det er er per i dag uklart kva brannårsaka er.

Vil gjennomgå hendinga på måndag

- Annonse -
- Annonse -

Logistikksjef ved Fitjar Mekaniske, Stein Gunnar Halleraker, fortel at dei vil ta ein full gjennomgang av kva som har skjedd etter helga.

- Annonse -

– Brannen starta i eit rom der det ikkje var nokon personar inne då det starta å ulme. Det oppsto flammar, men blei raskt stansa då brannvesenet kom. Eg må berømme brannvesenet som var veldig kjappe, seier Halleraker.

Han seier båten berre fekk mindre skader.

– Deter ikkje store skader som er påført, berre nokre kablar. Me må nesten sjå det på måndag. Då skal me ta ein intern gjennomgang, og få intervjua personellet.

Brann i kablar

Administrasjonsleiar Audny Heimark Tveit i Br. Birkeland seier det brann i nokre kablar knytt til båten.

– Det er snakk om nokre kablar som er brent. Men det blir jo eit stort oppbod når brannvesenet rykker ut ut. Eg trur dei som jobbar med dette skal få jobbe i fred. Me vil gi dei fred og arbeidsro.

- Annonse -