Ole Arthur Vaage i AquaPro.
- Annonse -

Stord-selskapet AquaPro og Marine Harvest skal samarbeide om å lage sement av avføring frå fisk.

I desse dagar set Stord-selskapet AquaPro saman eit testanlegg som skal utnytte ein
uutnyttet ressurs fra lakseoppdrett: fiskebæsj og anna biologisk avfall.

Selskapet skal bygge eit mobilt prosessanlegg som skal gjere om fiskens avføring til brennbart materiale, som vil ha stort potensiale i sementproduksjon eller fjernvarmeanlegg, skriv AquaPro i ei pressemelding.

– Kan bli veldig stort

Dagleg leiar i AquaPro, Ole Arthur Vaage fortel til Stord24 at nyvinninga kan ha store ringverknader, og nye arbeidsplassar på Stord.

– Dette har eit stort potensiale og kan bli veldig stort. Det kjem heilt sikkert til å føre til nytilsetjingar hos oss. Kor mange er ikkje godt å seie, men me vil tilsetje to-tre nye arbeidsplassar i løpet av vinteren.

- Annonse -

AquaPro har kontor i iBox-bygget på Bjelland, der Vaage også driv iBox Bemanning. Han opplyser at det prosessanlegget er i drift allereie om to månadar.

– Me er i oppstartsfasen av prosjektet, og fokus er no på teknologiutvikling samt etablering av løysingar for slamhandtering, mat- og bioavfall.

Biogass

AquaPro sitt prosjekt tek hand om avføring som kjem frå laksesmolt i kar på land, ved hjelp av ein lukka teknologi.

– Dette skal bidra til at me kan ta ut energi i form av biogass under prosessen, utan at næringsinnhaldet i råstoffet vert endra. Uttak av biogass vil også hjelpe på separering av væske og fast stoff.

Testinga av prosessanlegget for biomasse blir utført i samarbeid med Marine Harvests
smoltanlegg på Fjæra i Hordaland, og med finansiell støtte frå Innovasjon Norge.

- Annonse -