Anna Sofie Ekeland Valvatne og Hilde Hauglid er SV sine to representantar i kommunestyret. Foto: Stord SV
- Annonse -

Debatt: Me erstatta olje- og gassindustrien av klimaomsyn. Denne framtidsretta satsinga er ikkje avhengig av Hordfast.

Av: Anna Sofie Ekeland Valvatne og Hilde Hildal Hauglid,
Stord SV

Ordførar Gaute Epland (AP) og varaordførar Jakob Bjelland ( SP ) i Stord, varslar overgang til Rogaland fordi dei ikkje fekk  Hordfast med på fylkesutvalet si prioriteringsliste i høyringa til Nasjonal Transportplan. Frå før har det kome fram frustrasjon av di Sunnhordland er kome dårleg ut både når det gjeld representasjon i Fylkestinget og når det gjeld tildeling av fylkeskommunale funksjonar.

Det er forståeleg.

Men kritikken av manglande representasjon må ein rette mot partia og deira nominasjonsprosessar, ikkje til fylkeskommunen generelt.  Når det gjeld plassering av administrative einingar; samferdsle, kultur, skule t.d. er dette ein vanskeleg kabal å leggja. Mange omsyn skal takast, m.a. til dei ulike storleikane dei to samanslåtte fylka representerer. Det spørst om nokre fleire fylkestingspolitikarar frå Sunnhordland hadde utgjort ein skilnad her?

Ordførarduoen viser til innbyggjarinitiativet om å søkja tilknyting til Rogaland i staden for Vestland, som berre fekk éi stemme då det var oppe i kommunestyret. Dei grunngjev dette med fylgjande: «Trua på at det ville koma effektiv og døgnopen veg til fylkeshovudstaden, gjorde at fleirtalet ynskte å halde fram i Vestland«.

- Annonse -

Kva dokumentasjon har dei på at det var årsaka til manglande interesse for at Stord  skulle skifte fylke? Det er slik i deira eigne hovud kanskje, men ingenting i debatten tyder på at dette vog tungt i vektskåla.

Viktigare enn Hordfast og etablering av  administrative einingar, er det om fylkeskommunen får økonomi til å oppretthalda fylkeskommunale tenester og funksjonar i alle delar i fylket, Sunnhordland og Stord inkludert. Tilbod innan vidaregåande opplæring t.d. , er svært viktig for regionen. Også innan høgare utdanning må tilboda på Campus Stord sikrast og utvidast. Grøn teknologi knytt til mellom anna utsleppsfri skipsfart må sikrast støtte og gode rammevilkår for vidare utvikling.

Det må ei massiv satsing til for utvikling av nye berekraftige næringar og arbeidsplassar, fordi me erstatta olje- og gassindustrien av klimaomsyn. Denne framtidsretta satsinga er ikkje avhengig av firefelts veg og 110 km/t. Å få ein slik veg over Stord, vil etter vårt syn vera eit tap, ikkje ein siger.

SV er opptekne av at det skal vere mogeleg å bu og arbeida over heile fylket. Me må ha tenleg infrastruktur både i indre og ytre strok, i nord og i sør. Difor vil ikkje me bruka ressursar, inkludert høge bompengar, til eit overdimensjonert prosjekt som Hordfast over Bjørnafjorden. 

Me meiner innstillinga frå fylkesutvalet er balansert, med gode prioriteringar til beste for heile fylket, inkludert Sunnhordland.