Onar Westerheim toppar 70-årsklassen med heile 16 deltakarar i Inzell. Her er Onar (t.h.) saman med broren Harald Westerheim Foto: Privat.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Onar Westerheim frå Fitjar var heilt suveren under veteranstemnet på skeiser i Inzell denne helga og vann tre av fire løp. 

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

Sprintstemnet International Master Sprint Classics blei avvikla på rekordbanen Max Aicher Arena i den tyske byen Inzell denne helga, med heile 16 deltakarar i klassen 70 år +.

Her stiller Stord IL og Sælevik-krinsen med to av dei beste skeiseveteranane i verda, og begge gjorde sine saker bra.

Vann det meste

Som vanleg gjorde Onar det best av dei to brørne, og denne gongen vann han det meste. Det blei heile fire gullmedaljar og ein sølvmedalje på Onar i Inzell. Han vann 500 meter begge dagar, på 45,16 og 45,63. Han vann også den første 1000-meteren, med 1.30,43, og det var berre på den avsluttande 1000-meteren han let seg slå. Her var den «nye russaren av året», Ivan Kasyanov» 34 hundredelar raskare enn vår mann.

Onar Westerheim er har sikra seg endå fleire medaljar rundt halsen. Foto: Privat.

Samanlagt vann Onar med godt over tre tidspoeng føre nummer to, nederlendaren Jan Boelen. Han har såleis all grunn til å vera førnøgd med innsatsen i helga.

Haug med medaljar

- Annonse -

Broren, Harald Westerehim, er òg rimeleg fornøgd, etter ein fin sjetteplass i dette storfine selskapet, med heile 16 skarpskodde konkurrentar.

Til liks med dei andre sprekingane fekk Harald sitt Certificate of Honour, medan Onar i tillegg fekk ein haug med medaljar. Me gratulerer med innsatsen!

Det er berre nokre veker sidan Onar Westerheim også gjorde reint bord under veteran-NM på skeiser på Geithus, der han vann alle fire distansane.

Her er resultata for dei seks beste sprintarane i klassen 70 år under International Master Sprint Classics. Ei komplett liste over alle resultata denne helga kan du lesa på heimesida til Max Aicher Arena Inzell.

1. Onar WESTERHEIM, Noreg 45.16 (1.) 1:30.43 (1.) 45.63 (1.) 1:31.67 (2.) 181,840 poeng
2. Jan BOELEN, Nederland 46.43 (2.) 1:32.80 (3.) 46.20 (2.) 1:32.55 (3.) 185,305 poeng
3. Ivan KASYANOV, Russland 47.49 (4.) 1:32.08 (2.) 47.46 (5.) 1:31.33 (1.) 186,655 poeng
4. Jan van der MEULEN, Nederland 46.83 (3.) 1:35.53 (6.) 47.45 (4.) 1:34.62 (5.) 189,355 poeng
5. Ypke BOUMA, Nederland 48.87 (6.) 1:35.11 (5.) 48.99 (8.) 1:35.47 (6.) 193,150 poeng
6. Harald WESTERHEIM, Noreg 49.31 (7.) 1:36.76 (8.) 49.23 (9.) 1:36.74 (8.) 195,290 poeng

- Annonse -