Kommunelege på Stord, Lars Helge Sørheim, og dagleg leiar i Sunnhordland interkommunale legevakt, Janett Svendsen. Foto: Stord kommune
- Annonse -

Ein av testane som er utført har negativt resultat. Dei tre andre ventar framleis på svaret.

Koronaviruset held fram å spreie seg i Norge. Til no er det påvist 33 smitta i Norge. Heile ti av desse bur i Bergen.

Førebels er det ikkje funne smitte i Sunnhordland. Men kommunelege i Stord kommune, Lars Helge Sørheim, stadfestar overfor Stord24 at det er blitt gjennomført fire testar for koronasmitte på Stord dei siste dagane.

– Det er, etter det eg kjenner til, teke fire prøvar i Stord kommune fordelt på to husstandar. Den eine er negativ. Dei tre i den andre husstanden ventar på svar og held seg heime i mellomtida, seier Sørheim.

– Har vist eksemplarisk framferd

Alle dei fire som er testa kjem frå reise i epidemiområda.

– Dei har vist eksemplarisk framferd før prøvetaking, teke gode førehandsreglar og kontakta helsetenesta etter retningslinene, seier kommunelegen.

- Annonse -

Vidare opplyser Sørheim at Sunnhordland interkommunale legevakt så langt har hatt 25 personar på telefon som har søkt råd i høve koronasmitte.

– I kva grad fastlegekontora har hatt telefonpågang veit eg ikkje, men det er ikkje kome meldingar om at det blokkerer for annan pågang i alle fall. Eg vil etter kvart få rapportar frå dei fem legesentra.

Stordabuen flinke å følgje råd

Samtidig kjem kommunelegen med ros til befolkinga på Stord for måten ein har handtert frykta for viruset.

– Det verkar som folk i Stord er flinke å følgje råd som er sendt ut i høve koronasituasjonen. Dei kontaktar fastlege på dagtid eller legevakt på telefon når dei er usikre eller trur dei er smitta. Legevakttelefonen vert ikkje unødig blokkert og kan samstundes nyttast til det den eigentleg er tenkt til, fortel Sørheim.

Han opplyser at det er viktig at dei som berre søkjer informasjon og konkrete råd om korona nyttar www.fhi.no og www.helsenorge.no i første omgang.

– Om dei ikkje finn svar på det dei lurer på der, kan dei ringje informasjonstelefonen for Koronasmitte på 815 55 015. 

- Annonse -
Forrige artikkelVarmar opp til kvinnedagen med gratis yoga: – Alle kan vere med, det er befriande
Neste artikkelProtesterer mot at fylket skal ta over ansvaret for «Statsraaden»
Jonas Sætre er redaktør og journalist i Stord24. – jonas@stord24.no