Foto: WHI
- Annonse -

Tysdag kveld melder Stord kommune om ytterlegare fire koronasmitta personar.

Så langt har kommunen fått tilbake 15 positive prøvesvar for Covid-19 denne veka.

Av dei tre som vart meldt smitta tidlegare på dagen høyrer to av dei til ungdomsgruppa og ein til Leirvik AS. No har ein ny tilsett ved verftet testa positiv.

Med dei siste fire tilfella er kommunen oppe i 77 stadfesta smittetilfelle.

Desse er dei nye smittetilfella:

  • Mann 51 år meldt Covid+, lette symptom, uavklart smitteveg, men sporing sett i verk
  • Mann 50 år meldt Covid+, forventa nærkontakt, tilhøyrer Leirvik AS
  • Mann 28 år meldt Covid+, lette symptom, samanheng med ungdomsgruppa
  • Kvinne 25 år meldt Covid+, ikkje alvorleg sjuk, uavklart smitteveg, men sporing sett i verk

- Annonse -
Forrige artikkelBrann i båt på Fitjar: Éin er brannskadd, fleire har inhalert røyk
Neste artikkelHar ikkje kontroll på smitta på Stord: Kriseleiinga varslar lokale tiltak
Journalist – cassandra@stord24.no