Ordførar Gaute Epland, Ap, gjorde si samfunnsplikt måndag føremiddag. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Den sitjande koalisjonen har kome fram til at Gaute Epland (Ap) held fram som ordførar.

Torsdag kveld vart det klart at Senterpartiet har bestemt seg for å gå i vidare forhandlingar med den sitjande koalisjonen, beståande av Ap, SV, KrF og Sp.

Då vart det sagt at ordførarspørsmålet skulle bli avgjort på eit møte mellom koalisjonspartnarane fredag klokka 12. Men allereie no seier Jakob Bjelland (Sp) at det herskar liten tvil om at Gaute Epland som får behalde vervet.

– Utgangspunktet vårt er at Gaute Epland held fram som ordførar. Det ligg vel i korta at det blir sånn, seier Bjelland til Stord24.

– Så skal me ha dette møtet i dag, og då er det jo ikkje berre ordførarvervet som ligg i potten.

Epland seier til Stord24 at han er letta over at kabalen no ser ut til å ha blitt løyst.

- Annonse -

– Eg er glad og letta for at det no er landa. Det har jo gått litt lenger tid enn vanleg, og eg er glad for at me no har kome fram til ei løysing og blitt samde om kven som skal jobbe vidare.

– Eg kjenner eg er litt utlada no og det skal bli veldig godt å slappe godt av i helga og kose meg saman med familien, seier Epland.

– Kor sikker var du på at det var dette som ville bli utfallet då du såg valresultatet på måndag?

– Nei, sikker kan ein jo ikkje vere. Me var veldig nøgd med valresultatet og har klart å halde stand på over 30 prosent. Samtidig gjekk jo også Frp fram, så me kunne jo ikkje vere sikre.

Når koalisjonen no skal fordele dei andre verva vil dette bli gjort etter den nye strukturen for komiteane. Kommunestyret vedtok før sommaren å redusere talet på komitear med ein, og gjere om på dei andre.

– Det blir færre leiarar og færre plassar å fordele. Då er det naturleg at framgangen til Sp viser igjen. Me valde å avgjere dette med komiteane før valet, sånn at ein ikkje fekk ein prosess der eit fleirtal etter valet fekk styre det sånn dei ville. Eg synest det er klokt at eit samla kommunestyre står bak dette.

- Annonse -