- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Som ein konsekvens av at Wärtsilä har outsourca tavleproduksjon sin vert fire personar i desse dagar sagt opp på Stord.

Etter at produksjonen ved tavlefabrikken i Grunnavågen i Sagvåg blei kraftig redusert i 2015, skal behovet for ingeniørtenester knytt til tavleproduksjon også ha blitt redusert.

Som eit resultat av dette har Wärtsilä i stadig større grad brukt underleverandørar for å produsere ferdige tavler. Det er bakgrunnen for at fire ingeniørane på Stord innan tavleproduksjon no mister jobbane sine.

Lokalisert på Stord

– Sommaren 2017 vil Wärtsilä fullføre den omfattande justeringa som blei gjort for to år sidan og redusere med ytterlegare fire stillingar. Dei fire stillingane er knytt til ingeniørtenester innan tavleproduksjon, eit produkt som i 2015 vart outsourca. Dei det gjeld er lokalisert i selskapet sin verksemd på Stord, skriv Wärtsila i ei pressemelding.

Selskapet skriv at reduksjonen av dei fire tilsette er slutten av den langvarige prosessen med reduksjon av stillingar i Wärtsilä som starta i 2015.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Alltid trist

– Det er alltid trist når me må la dyktige folk gå, men justeringa av dei fire stillingane kjem som ein del av eit langvarig arbeid for å restrukturere organisasjonen og drifta, seier Dagfinn Botnen, General Manager, Power Convension Norway, Wartsila Norway AS.

Målet med restruktureringa har ifølgje Wärtsilä vore å styrke selskapet sitt fokus på system og applikasjonar, og sikre kjernekompetansen, samtidig som organisasjonen blei tilpassa den nye marknadssituasjonen.

 

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -