Foto: Politiet
- Annonse -

Politiet utelukkar ikkje at nokon kan ha stått bak båtbrannane, som oppsto ved Kobbavik natt til måndag.

Klokka 1.55 fekk naudetatane melding om at det hadde oppstått brann i ein fritidsbåt ved Kråko i Fitjar.

Då brannvesenet kom til staden var det då klart at det var fire båtar som sto i brann.

Ein knapp time seinare meldte brannvesenet at dei byrja å få kontroll på staden.

– Det er uklart kva årsaka til brannane kan vere, melder Sørvest politidistrikt på Twitter.

Foto: Politiet

Politiet utelukkar ikkje at nokon kan ha stått bak båtbrannane.

- Annonse -

– Det kan ikkje utelukkast at brannen kan ha vore påsett, og difor er ein politihund også kalt ut for å søkje etter eventuelle spor.

Fleire av båtane vart totalskadde i brannen, melder politiet.

Brannane oppsto ved Kobbavik, som består av kai og fleire flytebrygger.

Foto: Politiet
- Annonse -