Også palmehelga var fin: Bunnpris Vedholmen Landhandel i Os laurdag 6. april. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Søndag er det venta litt regn, men til veka skal det bli 19 gradar og skyfri himmel.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden

Årets påske fekk draumevêr, med sol og rundt 15 gradar i låglandet, og framleis skiføre under strålande sol fleire stadar i fjellet.

Langfredag var véret spesielt bra. Makstemperaturen på Stord denne dagen var målt til 20,2 gradar, noko som var varmast i Hordaland.

Første påskedag blir derimot gråvêr, med overskya og fare for regn midt på dagen, men nesten vindstille og temperaturar på 11 til 13 gradar.

Og fortvil ikkje, for vi har meir godvêr i vente!

Finast vêr tysdag og onsdag

- Annonse -

Yr og Storm melder 17 og 15 gradar og lettskya andre påskedag.

Tysdag og onsdag skal det bli endå finare vêr, skyfri himmel og 18-19 gradar.

Sol og varme heile veka – men regn til helga

Til torsdag og fredag er det meldt lettskya og 18-19 gradar, med noko nedbør på kvelden fredagen.

Førebels ligg det an til å bli regn og noko kaldare neste helg.

- Annonse -