Skjermdump: NRK
- Annonse -

30-åringen frå Stord IL spurta inn til ein 11. plass i kvalifiseringsheatet. To plasseringar unna finaleplass.

Tom Erling Kårbø fekk tida 8.27,01 under dagens kvalifiseringsløp i 3000 meter hinder i VM i Quatar, noko som er ny personleg rekord.

Rekorden er berre 66 hundredeler betre enn hans førre rekord på distansen, melder VG.

Men det var diverre ikkje nok til å kvalifisere seg til finalen. Kårbø sprang inn til ein 11. plass, og måtte ha klart 9. plassen for å kome vidare.

– Det kjentes relativt greit. Men dei gjekk ut mykje hardare enn eg hadde trudd, for dei plar jo springe litt rolegare i starten når det er forsøksheat, sa 30-åringen til NRK etter løpet.

Kårbø seier tida hans lett kunne ha kvalifisert til finaleløp, men at det var plasseringa det sto på.

- Annonse -

Bømlingen, som spring for Stord IL, ser allereie framover mot neste år.

– Neste år er det ein veldig spennande sesong til eit EM og eit OL som eg vill prøve å kvalifisere meg til. Så eg gler meg til neste sesong.

- Annonse -