Foto: Citycon
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Trass i eit år med høg arbeidslause og tomme ordrebøker i industrien, så auka omsetnaden til handelsnæringa med 2,3 prosent.

Sjølv om 2016 var eit tungt økonomisk år for mange, la det ikkje dempar på kjøpelysten. På Stord handla kvar innbyggjar i fjor for 90.784 kroner, noko som svarar til ei lita vekst i omsetnaden i detaljhandelen på 2,3 prosent. Det syner tal frå SSB.

Det betyr at Stord er blant kommunane i regionen med den største handelsnæringa per innbyggjar. Stord ligg like bak Bergen og Voss, som har høvesvis 98.074 og 96.073 kroner i omsetnad, medan Haugesund framleis er den store handelsvinnaren i regionen med 130.362 kroner per innbyggjar.

Haugesund var likevel den einaste kommunen i regionen som opplevde ei nedgang i handlinga i høve året før. I Sunnhordland er det Sveio som haden den største handelsveksten, med 10,5 prosent vekst, men Sveio har ein svært låg handel i utgangspunktet.

Bømlo kan vise til ei handelsvekst på 3,6 prosent, og er no oppe i 54.936 kroner per innbyggjar. Både Fitjar og Kvinnherad kommune har hatt minimal handels vekst. Her utgjer handelen høvesvis 50.444 kroner og 66.536 kroner per innbyggjar.

- Annonse -