Pressefoto.
- Annonse -

Den fleirkulturelle filmskaparen Iram Haq blir heidra med kvinnepris frå Bømlo.

Pressemelding: Iram Haq, fødd 1. januar 1976, er ein norsk skodespelar, filmskapar og songar. Ho er utdanna «art director» på Westerdals reklameskole, og har gjort seg særleg kjend gjennom filmane ho har skapt – ikkje minst gjennom filmen «Hva vil folk si?», som hadde premiere i oktober 2017.

Denne filmen saman med ei totalvurdering av den kulturelle innsatsen hennar gjennom mange år har lagt grunnlaget for denne pristildelinga.

Iram Haq frå Stovner i Oslo har gjennom arbeidet sitt som filmskapar synleggjort problem som kan oppstå når menneske frå svært ulike kulturar skal leva saman.

I filmen «Hva vil folk si?» ligg det uro i spørsmålet, – like kjent her hos oss som i resten av verda. ”Hva vil folk si” er eit fast uttrykk som ofte vert brukt i familiar og miljø der tradisjon og ære står i fokus.

Filmen handlar om den norsk-pakistanske tenåringsjenta Nisha som lever eit dobbeltliv. Heime med familien er ho ei pakistansk dotter, mens ho ute blant venner lever som ei vanleg norsk ungdomsjente. Ho vert forelska i ein norsk gut, og når faren finn henne saman med kjærasten får det dramatiske konsekvensar.

- Annonse -

Iram Haq set søkelys på problema som oppstår når ulike kulturar møtes dersom integrering og kommunikasjon ikkje fungerer. Resultatet vert ofte ein kulturkollisjon der gjensidig menneskefrykt og behovet for kontroll kan utvikla seg til undertrykking, frykt og vold. Dette rammar ikkje minst fleire generasjonar innvandrarar.

Iram Haq brukar sterke verkemiddel i sitt filmarbeid. Dette gjer det lettare å forstå bakgrunnen for denne kulturkollisjonen.

I vedtektene for Foreininga Tora Mostrastong er kriteria for tildelinga av prisen formulerte slik: «Tora Mostrastongprisen skal tildelast kvinner som over tid har synt stor vilje og evne til positiv samfunnsinnsats, – lokalt, nasjonalt eller internasjonalt. Styret vil leggja vekt på eigenskapar som styrke, mot og omsorg, arbeid for menneskerettar og likeverd, innsats som kulturberar og samfunnsbyggjar og evne til mellommenneskeleg forståing og toleranse».

Prisen skal tildelast prisvinnaren på det årlege «Toratreffet» i Moster Amfi laurdag 8. juni i år.

- Annonse -