- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Alien: Covenant sparkar ekstremt godt frå seg, og alle som hugsar dei gamle Alien-filmane bør så absolutt ta turen til dei mørke kinoane og få eit realt grøss, skriv filmmeldar Severin Eskeland.

«Alien: Covenant»
Regi: Ridley scott
Skodespelarar: Michael Fassbender, Katherine Waterston, Billy Crudup
Terningkast: 5

Først litt historie. ”Alien”-sagaen er blant det mest suksessfulle som nokon sinne er laga innan sci-fi-skrekk-sjangeren. Frå den første filmen som dukka opp på kinolerreta verda over i 1979, som fortalde oss at ”i verdsrommet kan ingen høyra deg skrike”, og fram til i dag, så er det få filmseriar med meir innflytelse på skrekksjangeren enn akkurat denne.

Regissør Severin Eskeland melder film for Stord24.

No snakkar eg ikkje om den siste som kom ut, ”Prometheus” som eg personleg vil setja som den svakaste i serien, då den skil seg litt for mykje fra sjølve konseptet.

”Alien” var ein av dei første skumle filmane eg såg då den blei sendt som ein av dei fascinerande nattkinoane på NRK, på midten av 1980-talet. Og den sat store spor. Søvnlause netter kor eg måtte snika meg inn til mamma hjalp sjølvsagt, men i dag ser eg filmen jamnleg, og kosar meg like mykje kvar gong.

Og no kjem altså ”Alien: Covenant” til verda, og forventningane er så store at det er med skepsis eg går laus på dette. Tenk om eg blir skuffa…

- Annonse -
- Annonse -

No skal det seiast at eg eigentleg er meir enn nøgd med dei tre første, då spesielt nummer to, men utvikling, og Hollywood sitt sug etter pengar er vel kanskje det som gjer at Ridley Scott no vil laga ein ny oppfølgjar. La oss håpe at det var rett val.

Eit naudsignal

Mannskapet på romskipet ”Covenant” får eit nødsignal frå ein nærliggande planet, og dette kjem tilsynelatande frå eit menneske. Etter sterk advarsel frå nestkommanderande vél kapteinen likevel å undersøkja saka nærare. Er det nokon som kjenner seg igjen her? Det gjer eg i stor grad då dette startar meir eller mindre akkurat som i originalen frå 1979.

Planeten dei landar på ser akkurat ut som dei store skogane og fjella me har her i Norge, og dei tenkjer allereie no at dei kan starta ein ny koloni der, då mennekseheita er utrydningstrua.

Dei utforskar planeten og det tek ikkje så lang tid før dei finn eit gigantisk havarert romskip utan mannskap. No byrjar filmen å ta form, kjenner eg.

Mannskapet triggar ein slags levande organisme i plantelivet, og dei får i seg noko dei absolutt ikkje skulle. Dei klarar å kjempe seg tilbake til skipet, men det går ikkje som håpa, og dei er no blitt målet for monstera som så høveleg vert kalla Xenomorphs (aliens). Og me blir presentert både nye og dei gamle gode monstera, inkludert dei hyggjelege ”face-huggers”.

- Annonse -

Filmen gir ein del svar på mykje av det som blei fortald i den førre filmen (Prometheus), og det fungerte veldig bra. Prometheus var ein svært så annleis film enn det eg hadde håpa fra serien, men det er godt at 70-årige Ridley Scott no vil gjera meg blid igjen, og det klarer han. Dette er eit hardt og skremmande eventyr som kan opplevast som ein berg og dalbane-tur kor ein for det meste ikkje kjenner seg trygg.

Det er ikkje nødvendig å seie så mykje om filmen sin tekniske kvalitet, for det blir å setje fokus på noko som er irrelevant når det kjem til Scott sine filmar. Han er ein ekte filmkunstnar som tidligare bl.a. har laga ”Blade runner”, ”Gladiatoren”, ”American gangster”, ”Hannibal” og då ”Alien” for å nemna nokre få.

Skodespelarane gjer òg historia så truverdig som mogleg, men utanom Michael Fassbender og Danny McBride så er det ikkje dei mest kjende som er med. Det gjer absolutt ingenting, sjølv om eg personleg saknar Sigourney Weaver som hadde hovudrolla i dei fire første filmane.

Grusam 3. akt

Det er først i filmens tredje akt at dette går fra å være ein god skrekkfilm til å bli ein verkeleg god skrekkfilm, og eg faktisk gløymer å ta notat. Så bra blir det, og dei som har sett traileren kjenner kanskje til ein skremmande dusj-scene kor eg stivna som ein hjort fanga i langlysa på ein imøtekommande bil. Her vil nok mange velja å halda seg for augene, men tipset er, ikkje gjer det.

Nesten perfekt

Det er sjelden filmar er perfekte, og ”Alien: Covenant”er nok heller ikkje det.

Den burde kanskje hatt ein ekstra runde på klipperommet då det er nokre parti som ikkje er nødvendige for å fortelja historia.

Filmen er også ganske lik den første i struktur og handling, men i heilskapen sparkar dette ekstremt godt frå seg, og dykk som hugsar dei gamle ”Alien”-filmane bør så absolutt ta turen til dei mørke kinoane og få dykk eit realt grøss.

Eg vil ikkje avsløre for mykje, men det kan nok sjåast ut som det kjem fleire i serien, som sjølvsagt er veldig positivt.

Lykke til folkens, ta vare på nervene og hugs at i kinosalen kan ALLE høyra deg skrike…

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -