Severin Eskeland fekk ei kjensle av å spele Playstation då han såg Ghost in the Shell.
- Annonse -
- Annonse -

Tekniskmessig perfekt, men er me ikkje vant med det no? undrar filmmeldar Severin Eskeland etter å ha sett den nye storfilmen Ghost in the Shell som har verdspremiere i kveld.

«Ghost in the Shell» 2D-versjon
Regi: Rupert Sanders
Skodespelarar: Scarlett Johansson, Michael Pitt, Juliette Binoche
Terningkast: 3

«Ghost in the shell» anno 2017 er den fyrste verkelege filmen av anime, og kultklassikaren frå 1995 med same namn. Dette betyr ikkje at den vanlege mann i gata nødvendigvis har snubla over denne «teiknefilmen», men kanskje det er difor den no kjem ut i oppdatert versjon, med ingen andre enn gigantstjerna Scarlet Johansson i hovudrolla.

Regissør Severin Eskeland melder film for Stord24.

Filmen handlar om Major Mira Killian (Johansson) som etter å omkomme i ei stygg ulykke får hjernen sin operert inn i ein ny robotkropp som kan snakke med andre robotar berre med bruk av tankegang, kan reparerast når ho blir skada, og sjølvsagt kje mpar mot terror-robotar.
Og sjølv om det tek litt tid så byrjar nokon etterkvart å systematisk ta liv av dei fremste forskarane i selskapet Killian jobbar for. Mira som er bygd for krig tek sjølvsagt opp jakta på den mørke, mystiske drapsmannen Kuze gjennom den datastyrte verda i kor «Ghost in the shell» føregår.

Men då ho kjem nærare Kuze så forstår ho meir og meir om kva selskapet hennar bak teppet driv med, og kven ho eigentleg er. Ikkje dei falske minna som er innstallert i sinnet hennar.

Det må seiast at det er så mykje hologram, og dataeffektar i GITS at eg fekk kjensla av at eg satt og spelte Playstation. Det er til tider slåande å sjå på for effektane, og dei er flotte, men er me ikkje komen til det stadiet i filmverda no at effektar ikkje er nok lengre? Me treng vel ein god story òg?

- Annonse -
- Annonse -

Det kjendes også som om filmen ikkje var heilt ferdig då den var det, for det var rett og slett ikkje nok som skjedde. Kanskje dette er film nummer ein i ei rekkje av filmar sidan kjensla av ein avslutning ikkje var der, da det gjekk litt raskt på slutten.

Med tanke på stil og tone så er det ikkje vanskeleg å sjå at regissør Sanders er glad i filmklassikarar som «Blade Runner» og «The Matrix» for er det til tider copy & paste fra dei to. Så nokre gode actionsekvensar finns her, kanskje litt for korte einaste.

«Ghost in the shell» er på eit vis heilt grei, og etter akt 1 så blir eg dratt med på laget. Men igjen, eg hadde faktisk rekna med litt meir av det gode.

- Annonse -
- Annonse -