Bildetekst: Ernst Wilhelmsen og Sigurd Sandvold er med på å samtala om krigsminne på Sunnhordland Museum.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stord filmklubb vil saman med Sunnhordland museum markere frigjeringsdagen 8. mai ved å stille spørsmålet: kva betyr minna etter andre verdskrig i dag?

Det er kortfilmen «Nær nærare nærast» av filmskapar Fredrik Rysjedal som vil bli vist i museumshallen i kveld. Filmen tek utgangspunkt i ein samtale rundt forteljingar om krigen, og korleis mange av desse truleg vil forsvinne med tida.

Etter visninga av kortfilmen vil filmskapar Fredrik Rysjedal i dialog med Ernst Wilhelmsen og Sigurd Sandvold snakka om kva desse minna betyr i dag, og diskutera i kva grad det er viktig å ta vare på denne delen av den felles historia vår.

– Fredrik Rysjedal har laga ein sjølvbiografisk teikneseriekortfilm der han leitar etter familieforteljingar som vil få han nærare bestefaren, melder stord filmklubb.

Fredrik kjende ikkje bestefaren sin, men han veit at han var krigsseglar under andre verdskrigen, og at det er forteljingar frå denne tida som mest truleg vil forsvinna med foreldra hans sin generasjon.

– Dette er eit portrett av etterkrigs-Noreg og familierelasjonar.

- Annonse -

Ernst Wilhelmsen hadde sjølv ein far som var krigsseglar, og har engasjert seg mykje i deira ettermæle etter krigen. Sigurd Sandvold sin bestefar var krigsseglar, og Sigurd, som er høgskulelektor i samfunnsfag ved Høgskulen på Vestlandet, har vore oppteken av å formidla historia til nye generasjonar.

- Annonse -