- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stord jazzklubb inviterer til musikalske krumspring med bergensduoen Fiflet/Hamre på Grand Hotell laurdag føremiddag.

Duoen Fliflet/Hamre har halde koken heilt sidan 1991, og i musikken står leikelyst og innleving sentralt, skriv jazzklubben i ei melding.

– Trass i frekke sleivspark utstrålar dei framleis glede over å vera på same lag. Dei har overskot til å dela leiken sin med andre. ”Sære og populære”, seier musikantane om seg sjølve på nettstaden sin, og det høver godt.

Laurdag ettermiddag vil dei underhalde jazzpublikumet på Stord, då dei vil spele på Grand Hotel.

Fliflet/Hamre fører saman musikk av ulikt opphav, og skaper eit eige, personleg landskap. Dei har opptrådt på eit tjuetals norske festivalar; blant anna på jazzfestivalane i Molde og Kongsberg, samt folkemusikkfestivalen i Førde.

– Det meste kan skje: Rå balkantonar dundrar ut mellom vare nordiske moll-perler og jødiske melodiar til ettertanke, eller mellom norske kysttonar og  italienske partisansongar, skriv jazzklubben.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Jazzklubb-leiar Olav Fjell melder at dei under denne konserten vil prøve å halde på publikum lenger.

– Jazzklubben vil no prøva ut eit nytt konsept for konsertane på Grand Hotell, enten dei er på ettermiddagstid eller på kveldstid: Etter at konserten er ferdig kan publikum sitje att og drøsa til mjuke jazztonar, kanskje med noko i glaset eller i koppen, seier Fjell.

Her kan du sjå ein smakebit frå kva duoen har å by på i helga:

- Annonse -