Direktør i Folkehelseinstituttet Camilla Stoltenberg. Foto: Kronprinsfondet
- Annonse -

Folkehelseinstituttet samarbeider no med andre instansar for å sjå korleis dei kan lette på dagens restriksjonar, men likevel halde smittetala nede.

Onsdag uttalte Folkehelseinstituttets (FHI) direktør Camilla Stoltenberg at det kan vere behov for tiltak mot koronasmitte i 118 månader, fram til det kjem ein eventuell vaksine.

Under pressekonferansen torsdag presiserte avdelingsdirektør Line Vold i FHI at det ikkje betyr at dei inngripande tiltaka ein har i dag vil halde fram i 18 månader.

– Vi samarbeider no for å sjå på korleis vi kan gjenopne Noreg, og samtidig halde smitten nede, seier Vold.

Mellom anna ser styresmaktene på moglegheitene for auka kapasitet i helsevesenet, auka smittesporing, og ei digitalisert smittesporingsløysing via mobiltelefonar.