Foto: Pixabay
- Annonse -

Folkehelseinstituttet (FHI) innfører nye reglar for testing av koronaviruset. Dei som sit i heimekarantene, vil ikkje lenger bli testa.

Dei skal heller ikkje kontakte helsevesenet med mindre dei har behov for helsehjelp, opplyser FHI i ei pressemelding fredag morgon.

Testing er reservert for visse pasientgrupper og helsepersonell som får luftvegssymptom, skriv dei.

– Vi forstår at alle ønsker visse om dei er smitta eller ikkje, men vi er i ein situasjon der det må gjerast prioriteringar for å verne dei mest sårbare i samfunnet og dei som behandlar dei, seier avdelingsdirektør Line Vold, avdelingsdirektør ved FHI.

Helsedirektoratet har bede alle som har vore på reise utanfor Norden, om å halde seg heime i 14 dagar etter heimkomst.