Roald Kvamme er gruppeleiar for Arbeidarpartiet på fylkestinget i Hordaland. Foto: Ap
- Annonse -

DEBATT: Ordførarane i Tysnes og Austevoll sine spekulasjonar kring miljøkrava og at fylkeskommunen har lagt lista for høgt er overraskande, skriv Roald Kvamme i Hordaland Ap.

Av: Roald Kvamme,
gruppeleiar for Ap på fylkestinget i Hordaland

Ordførarane på Tysnes og Austevoll brukar sterke ord når dei omtalar fylkeskommunen sitt ferjetilbod. Situasjonen vert beskrive som «kaotisk» og prosessen med handsaming av nye ferjekontraktar som «skandaløs».

La det vera heilt klart, Arbeiderpartiet vil aldri akseptera at innbyggjarane på Tysnes og Austevoll eller i andre kommunar skal ta rekninga for at regjering og storting ikkje vil medverka til å sikra eit miljøvenleg, rimeleg og framtidsretta ferjetilbod!

Det vert påstått at fylkeskommunen har gjort sine vedtak utan kunnskap om kostnadane av miljøkrava. Vidare at fylket kunne fått rimelegare anbod dersom ein hadde kravd dårlegare miljøløysingar. Eit samla fylkesting har sett strenge krav til klimautslepp og kvalitet m.a. krav til universell utforming. Det er reiarlaga som har valt dei tekniske løysingane for å imøtekoma krava og dei fleste har valt elektriske ferjer når det gjeld klima.

Ferjesatsinga har skapt nye moglegheiter for næringslivet. Norge er i verdsklasse på teknologiutvikling og ikkje minst å ta i bruk nye miljøvenlege løysingar. Seinast i dag onsdag 22. august var statsråd Ola Elvestuen ute og skrytte av «regjeringa» si satsing på elektrifisering av ferjeflåten og dei positive verknadane dette har for klimautsleppa og  næringslivet. Nye ferjekontraktar har sikra tusenvis av arbeidsplassar langs kysten og gjeve industrien vår eit fantastisk utgangspunkt i den internasjonale konkurransen om overgangen til fornybare miljøløysingar.

- Annonse -

Ordførarane sine spekulasjonar kring miljøkrava og at fylkeskommunen har lagt lista for høgt er overraskande. I ei tid der me kjenner klimaendringane på kroppen, der skadeverknadane av forureininga vert meir og meir openbart, målber dei løysingar om svekka miljøkrav.

Miljøsatsing og kutt i klimautslepp kostar. Me må forventa at staten vil medverka til å handtera kostnadsveksten i ferjedrifta. Dette er tatt opp i ei rekkje møter på stortinget og med statsrådar. Svaret me har fått er kutt i inntektene til Hordaland fylke.

Det er fullt mogleg å sikra eit miljøvenleg, rimeleg og framtidsretta ferjetilbod i fylket vårt gjennom arbeidet med stats- og fylkesbudsjettet. Det handlar om viljen til å sjå og forstå dei utfordringane distrikta våre har.

No må alle gode krefter dra i same retning og Arbeiderpartiet ynskjer å invitera til eit breitt samarbeid for å løysa denne saka til beste for innbyggjarane i Hordaland.

- Annonse -