Foto: Hordaland fylkeskommune
- Annonse -

LESARBREV: Me ber ordførarar og kommunestyre i Kvinnherad og Stord straks gjera det som må til for å etablera Sunde og Jektevik som ferjestader for ferjesambandet 

Av: Husnes Vekst, v/ Synnøve Handeland, Guttorm Røssland, Håkon Røstbø, Merete Hersvik, Jarle Haktorson, Per Henrik Opdal.

Det var verkeleg ei gladmelding me fekk då regjeringa for litt sidan opplyste at dei ville sletta bompengelånet for Halsnøysambandet. Stor takk til vår lokale folkevalde representantar for regjeringspartia som klarte å få gjennomslag for å fjerna dette forhatte og fordyrande stengselet i samfunnsmaskineriet. Snakk om å vinna i Lotto!

For både det offentlege, næringslivet og for privatfolk, vil dette vera ei stor økonomisk lette og ei vitamininnsprøyting som utan tvil vil knyta kommunen tettare saman.

No kan også samferdslekartet teiknast på nytt for å få ned reisetida mellom Kvinnherad og E39 sørover og nordover. Det er den transportvegen som er mest tenleg for flest mogleg reisande på begge sider av fjorden som må leggjast til grunn for kor eit trafikknutepunkt skal plasserast.

Då er det utan tvil Sunde som peikar seg ut som klart mest tenleg. Det har det vore historisk i mange generasjonar, og det er det i dag fram til det kan avløysast av eit betre alternativ til dømes brusamband.

- Annonse -

På andre sida av fjorden er det Jektevik som pr. i dag har kortast avstand til Sunde med i underkant av ein kilometer kortare strekning enn strekninga Ranavik-Skjersholmane. Det er 10 min køyretid på E39 Jektevik-Leirvik og 12-13 min Jektevik-Sandvikvåg. Kystbussen er innom Jektevik kvar halvtime i tillegg til mange lokalbussar.

Med dei nye rutetidene for Jektevik-Hodnanes-Nordhuglo gjeldande frå 1.1.2020, vil Jektevik ferjekai vera ledig i periodar på 30-50 min 22 gonger mellom 0600 og 2400 på kvardagar. Det bør derfor liggja til rette for at ferjene til/frå Sunde også kan leggja til denne ferjekaien og lada når det er same operatør, nemleg Fjord1 som skal drifta begge sambanda frå 1.1.2020. Med 13-14 knops fart vil overfarten vera på ca. 35 min med 45 eller 50 min intervalar.

Reisetida for det store fleirtalet reisande på begge sider av fjorden mellom Leirvik og Kvinnherad vil slik bli redusert med 10-12 min og med ned mot ein halv time kortare reisetid frå den folketunge delen av Kvinnherad mot Bergen.

Det vert igjen mogleg å reisa eine vegen over fjorden frå Sunde med snøggbåt og returnera med ferje til same kai ein har bilen parkert om ein ikkje rekk snøggbåten eller t.d. vil ta nattferja tilbake.

Det vil vera ein stor miljøvinst å unngå dei 200 høgdemetrane gjennom Halsnøytunnelen og ikkje minst eit betre bumiljø på Halsnøy ved å sleppa tungtrafikken som utan tvil vil auka ved gratis tunnel.

Sambandet Sunde-Jektevik vil ha betre regularitet i uvêrsperiodar, sidan det ligg meir innaskjers.

Arbeidet med å etablera ladestasjon på Ranavik må no stansast og materiell og utstyr overførast og tilpassast Sunde ferjekai. Å flytta konsesjonen frå Ranavik-Skjersholmane til Sunde-Jektevik bør vera uproblematisk når kommunane Stord og Kvinnherad i samarbeid med fylket ønskjer denne løysinga.

Dette vil vera eit bra samferdslemessig framsteg og vera tenleg fram til brusambandet over Husnesfjorden, Sunnfast er på plass. Mellombels kan eit ferjesamband Sunde-Hodnanes eller eit kort samband i  Sunnfasttraseen, Huglo-Bjellandsneset vera aktuelt når brua mellom Jektevik og Hodnanes opnar.

Husnes Vekst ber ordførarar og kommunestyre i Kvinnherad og Stord straks ta tak i problemstillinga og gjera det som må til for å få på plass nytt ferjesamband over fjorden og etablera Sunde og Jektevik som ferjestader for ferjesambandet Kvinnherad-E39 Stord.

- Annonse -