Per Jarle Valvatne er leiar i Stord Ap. Foto: Vestland fylkeskommune
- Annonse -

Debatt: Stord Ap reagerer på at leiaren i LO i Sunnhordland går i mot Hordfast.

Av: Styret i Stord Arbeidarparti

Det er med stor undring at me i Stord Arbeidarparti i dag registrerer at leiar i LO Sunnhordland, i eigenskap av å vere leiar i Stord Raudt, går ut mot eit av Vestlandet sitt viktigaste samferdsleprosjekt.

Når me i Stord AP er i kontakt med lokalt næringsliv, særleg leverandørindustrien, så er det ein fellesnemnar at dei peikar på ferjefri E39 som det viktigaste prosjektet. Når Raudt då går ut mot dette prosjektet så kan dei ikkje ha særleg mykje dialog med dei som har ansvaret for arbeidsplassar og verdiskaping i vår region.

Ein ting som vert framheva i mange samanhengar er kor viktig det er å få til eit grønt skifte i norsk næringsliv. For å få til dette grøne skiftet må ein ha teknologi og arbeidsfolk som kan handtere teknologien. Denne kompetansen finn ein hjå næringslivet i Sunnhordland. Slik situasjonen er blitt i samband med korona-krisa vil det heller ikkje vere eit mindre krav til innovasjon og utvikling hjå verksemdene våre i framtida, heller tvert om.

Då er det rimeleg klart for oss i Stord Arbeidarparti at ferjefri E39 er det viktigaste samferdsleprosjektet for Sunnhordland og Vestlandet.

- Annonse -

Prosjektet vil bety svært mykje for vidare utvikling av næringsliv og busetnad i regionen vår og skape ein felles bustad- og arbeidsmarknad frå Stavanger til Bergen. Også i arbeidet med å skape det nye Vestland fylke vil eit slikt prosjekt vere av stor verknad. Sunnhordland er eit område med opp i mot 60.000 innbyggarar som treng ei tettare forankring mot resten av Vestland fylke.

Hordfast kan med rette også kallast eit klimaprosjekt. I dag vert denne delen av E39 handtert av tre ferjesamband. Det vil i alltid vere slik at ei ferje vil ha høgare energiforbruk pr bil enn kva som er tilfelle når bilen køyrer sjølv. I store deler av døgnet vil ferja gå med låg kapasitetsutnytting og likevel bruke same mengde energi som om den var full av køyretøy. Hordfast vil sørge for at alle desse ferjesambanda vert avløyst av ein trygg og god veg der bilane kan køyre med lågt energiforbruk. Samstundes vil ein fjerne mykje av flytrafikken mellom to av Norges største byar med ei monaleg innkorting av reisetida på veg.

Stord Arbeidarparti meiner at prosjektet E39 Stord-Os (Hordfast) må realiserast så raskt som råd. Stord Arbeidarparti meiner at prosjektet no må realiserast med bru over Bjørnefjorden slik som det er lagt opp til i noverande NTP. Utredning og planlegging av andre løysingar er kun eigna til å skape uro kring prosjektet og sørge for at prosjektet vert utsett.

Stord Arbeidarparti meiner også at den no vedtekne sørlege krysninga over Langenuen er det beste alternativet for Sunnhordlandsregionen, og at det vil leggja til rette for eit framtidig fastlandssamband mot Kvinnherad og ein diagonal frå E134 mot Bergen.

Stord Arbeidarparti meiner at strekninga frå Bømlafjordtunnelen og fram til kryssing av Langenuen er eit prosjekt som eignar seg særs godt i den nye NTP som skal vedtakast av Stortinget neste år. Det vil då vere viktig at strekninga Heiane-Ådland har prioritet. Dette er den strekninga på eksisterande E39 i Sunnhordland med høgst trafikk. Det er her også stor innblanding av lokaltrafikk på den eksisterande europavegen.