Ferja mellom Skjersholmane og Ranavik har skapt stor frustrasjon i mange år. Foto: Wikipedia, (CC-lisens)
- Annonse -

Kommentar: All honnør til Dagfinn Fylkesnes og Sunnhordland Ferjerederi AS for initiativet med å løysa den store samferdslefloka i Sunnhordland i moderne tid.

Ove Steinsland, foto: privat

Det er trist å lesa i Sunnhordland, den 5. april, at dette initiativet vert utsett, fordi lokalpolitikarane kvesser kjepphestane sine.

Sunnhordland Ferjerederi ynskjer å starta ferjedrift mellom Sunde og Jektevik. Det bør vera heva over ein kvar tvil, at dette er eit mykje betre alternativ enn dagens elendige tilbod mellom Skjersholmane og Ranavik, med bomstasjonen bak Toftåsen på Halsnøy i høgsetet. Vidare vil dette alternativet også spara både politikarane i Kvinnherad og Stord for fleire håplause ferjestøvedtak, med påfølgjande skitkasting begge vegar over fjorden.

I så måte burde lokalpolitikarane vera djupt takksame for at Sunnhordland Ferjerederi faktisk løyser eit problem dei sjølve ikkje er i stand til å løysa, trass eit utal halvhjarta forsøk.

Stor motstand

Kva er årsaka til den motstanden Dagfinn Fylkesnes i Sunnhordland Ferjerederi møter frå lokalpolitisk hald? Formannskapa i både Stord og Kvinnherad, toppar laget med både Samarbeidsrådet og Fylkesrådmannen, for så å setja krokfot på eit prisverdig privat initiativ. Grunngjevinga frå lokalpolitisk hald er at eit slikt samband vil svekkja grunnlaget for det eksisterande sambandet mellom Ranavik og Skjersholmane.

- Annonse -

Sjølvsagt vil det svekka grunnlaget, av det enkle faktum at Sunnhordland Ferjerederi vil tilby ei mykje betre løysing enn dagens samband gjennom bomstasjonen på Halsnøy. Vidare meiner lokalpolitikarane at initiativet skapar uro med arbeidet med innkorting av ferjesambandet mellom Stord og Kvinnherad.

Skapa uro? Det har ikkje vore noko anna enn uro i 10 år no. Politikarane bør heller vera takksame for at Dagfinn Fylkesnes med Sunnhordland Ferjerederi no kjem med ei god og fornuftig løysing.

Trakassering av privat intiativ

Vidare stiller dei seg tvilande til lønsemda i prosjektet, og hevdar det er urealistisk. Spar oss! Dersom eit privat føretak vil starta ei verksemd, kan lokalpolitikarane vera trygge på at bedriftsøkonomiske vurderingar er best ivareteke av føretaket sjøl. Det faktum at politikarane her stiller seg kritiske til lønsemda til verksemda er ikkje noko argument. Det er derimot trakasering av det private initiativ.

Stå på Dagfinn! Ditt initiativ fortener ei betre framtid, enn at lokalpolitikarar med sovjet-liknande legning, skal stikka kjeppar i hjula for deg. Og til politikarane: Gi Sunnhordland Ferjerederi løyve til å nytta eksisterande ferjestø på Sunde og Jektevik, slik at Sunnhordland Ferjerederi får arbeidsro, og i høve til EU-regelverk kan nytta sin fridom til å yta sjøtransporttjenester.

Noko anna vil vera absurd. Eg skal iallefall bruka Sunnhordland Ferjerederi når eg skal kryssa fjorden. Kvar einaste gong.

Ove Steinsland
Ferjekunde, Stord

 

- Annonse -