MF Bømlafjord. Foto: Fjord 1
- Annonse -

Ei ferje med sju passasjerar om bord måtte tauast til land søndag kveld.

Klokka 22.30 søndag kveld fekk Hovudredningssentralen på Sola melding om at ferja MF «Bømlafjord» hadde grunnstøtt. Mannskapet om bord meldte at dei hadde behov for slepehjelp.

Grunnstøtinga skal ha skjedd om lag 300 meter frå land ved Buavåg i Sveio.

Det var totalt sju personar om bord då hendinga skjedde, opplyser Sørvest politidistrikt.

Ferja blei etter kvart slept til kaien i Langevåg på Bømlo utan noko dramatikk.

– Kaptein og styrmann er vhøyrt. Det er ingen mistanke om promille, opplyser politiet.

- Annonse -

I følgje Bømlo-Nytt var det brønnbåten «Ronja Sund» som slepte ferja til kaien. Redningsskøyta «Sundt» frå Redningselskapet på Stord drog også ut til området der båten hadde grunnstøtt. Det same gjorde ein brannbåt frå Leirvik.