Denne hytta langs Vikanesvegen kan bli din for under ein halv million. Foto: Finn / Eiendomsmegler1
- Annonse -

At Stord ikkje er noko stor hyttekommune syner godt igjen på prisstatistikken.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) syner at du kan få deg fritidseigedom i Stord kommune langt under det som er snittet i Hordaland og elels i landet. I fjor vart det omsett 14 fritidsbustadar i Stord til ein snittpris på 904.000 kroner.

Samanliknar ein dette med Bømlo, som omsette 60 fritidsbustadar med ein snittpris på 1,65 millionar kroner, er det tydeleg å sjå at Stord ikkje er nokon stor hyttekommune.

Tysnes og Kvinnherad hadde begge ein snittpris på om lag 1,3 millionar kroner, medan Fitjar er ikkje så langt unna Stord, med ein snittpris på 1,1 millionar kroner. På topp i Hordaland finn me Os, som omsette 34 fritidsbustadar til ein snittpris på heile 2,6 millionar kroner. Snittpris for Hordaland fylke er på 1,6 millionar kroner.

Statistikken tek utgangspunkt i mengda tinglyste eigedomsomsetnader med tilhøyrande omsetnadsverdi. Også kjøp av tomt vil vere med i statistikken her.

Akkurat no ligg det berre to feriebustadar frå Stord ute på Finn.no, der den eine er ei hytte på Vikanes i Sagvåg, med tomt på over to mål som er prissett til berre 490.000 kroner. Men før du trur at draumehytta er funnen er det greit å leggje merke til at meklaren skildrar hytta som eit rivnings-/ renoveringsobjekt.

- Annonse -
- Annonse -