Foto: NIAID
- Annonse -

I løpet av det siste døgeret er det meldt om nye smittetilfelle både på Stord, Fitjar og Bømlo.

Dermed er smittetalet på Stord no oppe i fem, og fire i Fitjar og tre på Bømlo.

Det er førebels ikkje kjent kva opphav den nye smitta på Stord har. På Stord er det no gjennomført koronatest på 199 personar.

Den tredje smitta på Bømlo har ikkje relasjon til dei to første smitta, som var dagleg leiar i Hordfast AS, Øyvind Halleraker og kona. Det seier kommunelege Kjersti Follesø i ei melding.

Slik fordeler smittetalet seg per 1000 innbyggjar:

Stord: 0,26 smitta
Fitjar: 1,25 smitta
Bømlo: 0,25 smitta

- Annonse -

Det var ved midnatt registrert 4.446 tilfelle av koronasmitte i Noreg, viser førebelse tal frå Folkehelseinstituttet.

Dette er ein auke på 219 tilfelle siste døgn. Dei siste to dagane er auken på 344 tilfelle.

I alt 321 personar får behandling på sjukehus for covid-19-sjukdom. 97 personar får intensivbehandling med respirator. Det var måndag registrert 32 døde som følgje av sjukdommen.