Klubbleiar Richard Storevik i Leirvik AS. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Fire parti opplever fråfall frå nominasjonslistene til kommunestyrevalet.

Berre nokre veker etter at fristen gjekk ut for innlevering av nominasjonslistene, har fem personar søkt om fritak for å stå på lista.

For Arbeidarpartiet sin del er det to kandidatar som har søkt om fritak frå å delta i Stord-politikken.

Ein av dei er Richard Storevik, som har flagga offentleg at han melder seg ut av partiet etter landsmøtevedtaket om å droppe konsekvensutgreiing av oljeverksemd i Lofoten. Den andre Ap-representanten som ønskjer fritak er Gunnveig Breistein, som til dagleg jobbar som politiadvokat i Haugesund.

I Framstegspartiet har Tommy Bertil Ling søkt om fritak.

- Annonse -

Sjuandekandidaten til Kristeleg Folkeparti, Håkon Lyngøy, har også angra seg og søkt om fritak.

- Annonse -
- Annonse -

Venstre mister også ein kandidat. Her er det Vegar Furre, som står på 19. plass på lista, som har søkt om fritak.

Det er valstyret i Stord kommune som må godkjenne søknadane om fritak. Regelverket seier at søknadar om fritak som er kome inn innan 23. april automatisk vert innvilga.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -