Frå testfasilitetane til Kværner på Heiane Vest. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Tysdag melder Stord kommune at ytterlegare fem leigearbeidarar ved Kværner har testa positiv for Covid-19.

– Dei er isolerte og ikkje alvorleg sjuke, skriv kommunen.

Meldinga kjem berre eit døgn etter at ein annan utanlandsk arbeidar testa positivt i prøve teken på laurdag. Kring 20 utanlandske arbeidarar ved Kværner har no testa positivt for Covid-19 sidan sommaren.

– Det seier mogleg litt om smittepresset denne gruppa er utsett for, og gjerne om tilhøva der dei kjem frå, skriv smittevernlege i Stord kommune, Lars Helge Sørheim, i ein kommentar til Stord24 tysdag.

Ingen vert sendt heim

Dei siste fem personane har vore i karantene sidan ankomst og vart meldt smitta etter 1. test gjennomført ved testfasilitetane til Kværner. Nærkontakter er i karantene.

Kommunikasjonssjef ved Kværner på Stord har ikkje på noverande tidspunkt oversikt over kor mange nærkontaktar det er er snakk om i samband med dei siste smittetilfella, men fortel at ingen vert sendt heim, slik praksisen var i starten.

- Annonse -

Det nye testregimet, der arbeidarar skal teste seg også i heimlandet før avreise til Norge, er komen i gang, men er ikkje 100 prosent på plass, ifølgje Naustdal.

– På denne siste rotasjonen hadde dei aller fleste fått gjennomført test før avreise. Sannsynlegvis har dei fem smitta testa negativ i heimlandet.

Kommunikasjonssjef i Kværner, Odd Naustdal. Foto: Camilla Aadland/Sysla

– Skal ha dokumentasjon med på flyet

Naustdal fortel at dei som utfører testane i utlandet har fått instruks om å teste arbeidarane så seint som mogleg, men tidleg nok til at dei rekk å få prøvesvara sine.

– Dei skal ha dokumentasjon på negativ test med seg inn på flyet.

Totalt har no 40 personar avlagt positiv koronatest på Stord. Ved utgangen av førre veke hadde det blitt utført 3 323 testar i kommunen.