Alle tilfella har kjend smitteveg.
Onsdag ettermiddag melder Stord kommune at fem personar har fått påvist covid-19 etter test teke 20. april.
Dei smitta er to menn og ei kvinne i 20-åra, samt to barn.
Slik oppsummerar kommunen tilfella:
* Mann i 20-åra meldt Covid19 positiv etter test 20.04. lette symptom. Nærkontakt til kjend smitte og i karantene. Isolert. Sporing gjennomført tidlegare.
* Kvinne i 20-åra Covid19 positiv etter test 20.04. Lette symptom. Karantene som nærkontakt til kjend smitte i husstand. Sporing gjennomført tidlegare.
* Eitt barn meldt Covid19 positiv etter test 20.04. Lette symptom. Karantene som nærkontakt til kjend smitte i husstand. Sporing gjennomført tidlegare.
* Eitt barn meldt Covid19 positiv etter test 20.04. Lette symptom. Nærkontakt til kjend smitte i husstand. Sporing gjennomført tidlegare.
* Mann i 20-åra meldt Covid19 positiv etter test 20.04. Lette symptom. Nærkontakt til kjend smitte i karantene. Isolert. Sporing gjennomført.
Også tysdag kveld vart det meldt om nye smittetilfelle i Stord kommune. Det hadde då ikkje vore registrert smitte sidan 17. april. Det totale smittetalet i Stord kommune er per onsdag ettermiddag 290.