Biletet viser alle gudmødrene flankert av Roger Granheim, konsernsjef i Torghatten ASA og Torkild Torkildsen, adm.dir i Torghatten Nord. Foto: Torghatten
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

I dag blei alle ferjene i sambandet Halhjem – Sandvikvåg døypt.

– Dette har vore ein stor dag for selskapet, og det har vore ein stor dag for alle som er avhengige av dette sambandet, seier administrerande direktør i Torghatten Nord, Torkild Torkildsen.

Fem gudmødre fekk æra av å døype dei fem ferjene. Påtroppande ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg, var ein av dei. Ho nytta høve til å understreke viktigheita av sambandet.

– Det er svært viktig at dette sambandet fungerer slik at me kan oppretthalde samfunnsstrukturen i kommunane rundt Bjørnafjorden. Me ser at dette ikkje berre er viktig i eit samferdselsperspektiv, men viktig for heile Vestlandet, seier ho.

Ferjene som var døypt heiter MF Flatøy, MF Færøy, MF Huftarøy, MF Samnøy og MF Lysøy,
og alle gudmødrene ønskte skipa hell og lukke i dei fatvatna dei skal segle i. Ferjene har
fått namn etter øyar i kommunane Tysnes, Fitjar, Austevoll, Fusa og Os.

Torkildsen i Torghatten Nord meiner selskapet har klart å levere eit bra ferjetilbod til dei reisande etter ein start med svært store oppstartsvanskar.

- Annonse -

– Etter nokre oppstartsproblem har dei tilsette på ferjene gjort ein formidabel innsats med å sikre kontinuerleg drift. Dei har stått på langt ut over kva me kan forlange, og det viser at dette er solide sjøfolk.

- Annonse -