Leiar for Stord Snookerklubb, Jan Hevrøy. Foto: Malin Langøy Aarbø
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Og forventningane er ikkje få.

– Rekorden i NM er 56 deltakarar. Denne ynskjer me å slå, seier leiaren til Stord24.

Då Jan Hevrøy starta opp Stord Snookerklubb i 2013, var det først og fremst for eigen del. Han hadde aldri trudd at konseptet skulle slå så godt an blant stordabuen.

Medlemsmassen auka mykje på få år, og fleire stod i kø for å spele. Til slutt enda det med at klubben måtte utvida frå sitt gamle lokale på Heiane.

I dag held klubben til i Sagvåg og har ein av dei største snookerlokala i Noreg. Til våren arrangerer dei NM i Snooker for aller første gang.

Større vekst enn planlagt

– Mange er vane med å spele biljard. Dette er noko heilt anna. Snooker har færre kuler, mindre hol og heilt andre reglar. Du må rett og slett berre prøve det sjølv. Det er vanvittig fascinerande, slår Hevrøy fast.

- Annonse -

Saman med Arnfinn Saue, Tore Vestbøstad og Kjell Stensletten kjøpte han inn sitt første bord på den gamle Shell-stasjonen på Heiane for fem år sidan. Sidan den gang har dei gått til innkjøp av ytterlegare fem bord til – bord som er dobbelt så store som eit vanleg biljardbord.

No er det nesten for lite med seks bord. Klubben består i dag av nærmare 30 medlem i alderen 13 til 70 år, og er blant dei fem største klubbane i Noreg.

Det er med andre ord ingen tvil om at klubben har vakse seg større enn det som var planen.

Men klubben har framleis plass til fleire.

Foto: Malin Langøy Aarbø

På jakt etter fleire

– Jo fleire som er med, jo kjekkare er det. Alle som vil kan ta kontakt med oss for å prøve ein runde eller to, og sjå om dei likar det. Me er alltid på jakt etter folk. Spesielt jenter, opplyser Hevrøy.

– Generelt sett er det alt for få jenter i idretten. Dette er veldig synd, då jenter har like gode sjansar på å bli flinke i snooker. Dette er ikkje ein sport som stiller krav til aldersgrense eller kjønn.

No håpar han at NM i Sagvåg vil kunne tiltrekke seg endå fleire medlemmer, anten ein har lyst å spele på gøy eller konkurrere.

Beste snookerlokale

Tilbakemeldingane har vore positive frå fleire hald, ifølgje leiaren. Tidlegare var blant anna presidenten i Biljardforbundet på besøk. Han var svært nøgd med det store og romslege lokale som Stord Snookerklubb no har fått til.

Dermed er det kanskje ikkje så rart at klubben fekk innvilga søknaden om NM i Sagvåg.

– Dei som har vore her, har sagt at dette er det beste snookerlokale i heile Noreg, seier Hevrøy.

– Me trudde aldri me kom til å få godkjent hovud-NM, då dei seier at klubben må ha halde NM på eit lågare nivå, før dei kan arrangere hovud-NM. Men me fekk altså godkjent dette med ein gang. Sannsynlegvis grunna eit flott lokale.

Snooker har tre ulike nivå for NM.

Foto: Malin Langøy Aarbø

Er på god veg

Arrangementet vil gå føre seg i mai, og leiaren har store forventningar til opplegget. Han har tenkt å lage til ein liten tribune for folk som vil sjå på, og to av borda vil ha live-streaming der folk kan følgje med på kampane via YouTube.

Somme av medlemmane har dessutan sagt seg villig til å hente deltakarar på flyplassen i Stord og Haugesund, og køyre dei til hotellet med minibusser.

Leiaren har framleis litt planlegging på agendaen fram mot meisterskapet.

– Eg føler me er på god veg, og det er framleis eit par månadar att. Men sluttresultatet blir bra.

- Annonse -