Torbjørn Brosvik, er gruppeleiar i Stord Krf. Foto: privat
- Annonse -

LESARBREV: At det frå sentralt hald no blir gitt klarsignal er fantastisk gode nyheter for Stord, Bømlo og Fitjar, og viser at langsiktig politisk arbeid lukkast.

Av: Torbjørn Brosvik,
Gruppeleiar Stord KrF

Det er i helga gjort ein avtale med regjeringspartia og Frp på Stortinget om at Bømlo, Stord og Fitjar får delta i prøveordninga med fritidskort. Det var dette prosjektet KrF i budsjettforhandlinga i Stord kommune fekk inn som verbalforslag. No vert dette jobba vidare med både mot nabokommunar og Storting/regjering.

At det frå sentralt hald no blir gitt klarsignal er fantastisk gode nyheter for Stord, Bømlo og Fitjar, og viser at langsiktig politisk arbeid lukkast. Stord KrF fekk dette inn i den politiske plattforma til koalisjonen i 2019.

Andre kommunar som har prøvd fritidskortet gir tilbakemelding om at dette er eit av dei mest treffsikre tiltaka for å inkludera alle barn i fritidsaktivitetar. Ordninga gir 1000 kroner til fritidsaktivitetar kvart halvår for barn mellom 6 og 18 år. Det blir veldig spennande å vera med i ei slik prøveordning lokalt.

Det har frå KrF sine lokalpolitikarar i Stord, Bømlo og Fitjar vore ein del dialog med departementet og statssekretær Erik Lunde (KrF). Også frå kommunen sin administrasjon har ein jobba med å samkøyra kommunane for å vera klare for ei prøveordning.

- Annonse -

På fredag vart eg varsla om at at departementet ved statssekretær Erik Lunde hadde lagt fram forslag til Stortinget om å ta fritidskort for Stord, Bømlo og Fitjar med i budsjettavtalen. Grunngjevinga er at dette er interessant sidan det testar ideen om at midlane skal følgja barnet og ikkje kommunegrensene.

No vonar me i Stord KrF at dette kan gi eit løft for barn og familiar. Ei universell ordning som går til alle viser seg å vera det beste for å treffa også dei som treng det mest. Andre stader har det vore ein positiv bieffekt at lag og organisasjonar har hatt sikrare inntekter og kan gi betre tilbod.