Ordførar Gaute Epland delte ut prisen til dåverande leiar i Frivilligsentralen Nina Lovise Langeland i fjor, Herdis Belsvik og leiar i frisklivssentralen Andreas Sirevaag. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Tidlegare haust vart stillinga som dagleg leiar i Frivilligsentralen lyst ut, for så å bli trekt tilbake grunna innsparingar. Plutseleg fekk tidlegare hovudtillitsvald i Stord kommune, Anne-Line Innvær jobben.

I haust lyste Stord kommune ut ledig stilling som dagleg leiar i Frivilligsentralen på Stord, etter at førre leiar Nina Lovise Langeland slutta for å starte nye Galleri Giga.

Men plutseleg vart stillinga trekt inn, før søknadsfristen gjekk ut. Årsaka til dette var at kommunen ville spare pengar ved å halde stillinga vakant fram til budsjettet vart vedteke.

I budsjettet vart det løyva pengar til Frivilligsentralen, og denne veka offentleggjorde Frivilligsentralen at tidlegare hovudtillitsvalt i Stord kommune, Anne-Line Innvær hadde fått jobben som dagleg leiar.

Sigbjørn Framnes. Foto: Stord kommune

– Eg er svært kritisk til dette

Sigbjørn Framnes (Frp) fortel at han har teke opp saka med rådmannen etter at innbyggjarar har kontakta han fordi dei har reagert på den manglande offentlege utlysinga.

– Eg sendte inn spørsmål til rådmannen om dette etter to førespurnader frå innbyggjarane. Den eine av dei venta på utlysinga og hadde tenkt å søke.

- Annonse -
- Annonse -

Framnes seier han er svært kritisk til at stillinga ikkje vart offentleg utlyst, slik hovudregelen seier at det skal.

– Prinsipielt er eg tilhengjar av å tilsetje dei med best eigenskapar i kvar stilling. Difor er det sikrast med full utlysing. Eg er difor svært kritisk når det blir gjort som ein intern «overføring» til ny jobb. Alle må ha dei same moglegheitene. Skal kommunen utvikle seg i rett retning må me ha dedikerte personar i alle stillingane.

– Eg kan ikkje kritisere kompetansen til den som fekk jobben, kanskje er ho den beste me kunne få. Men synd om me gjekk glipp av den «rette»?!

Geir Angeltveit (V) har også teke opp saka med rådmannen.

Skjedde også med brannsjefstillinga

Det er ikkje første gong Stord kommune får kritikk for ikkje ha lyst ut kommunale leiarstillingar offentleg. Tidlegare i år fekk kommunen kritikk frå Sivilombodsmannen fordi stillinga som brannsjef ikkje vart lyst ut. Brannsjef Jan Ove Anthun hadde inngått avtale med kommuneleiinga medan han var varabrannsjef om at han skulle overta stillinga.

- Annonse -

– Det skal ganske mykje til at kommunar kan unnlate å utlyse eksternt. Det gjeld spesielt leiande stillingar i kommunen og i sentrale kommunale einingar, sa kontorsjef i Sivilombodsmannen, Bjørn Dæhlin, til Stord24 den gongen.

Rådmann Magnus Mjør. Foto: Stord kommune

Rådmann Magnus Mjør seier til Stord24 at bakgrunnen for den manglande utlysinga er at Anne-Line Innvær nyleg mista vervet som hovudtillitsvald i Stord kommune, og at ho difor hadde krav på å returnere til ei stilling i Stord kommune.

– Innvær er kome tilbake til oss etter ein periode der ho har hatt vervet som hovudtillitsvalt. Då har ho jo rett på ein stilling. Difor har me gjort ei direktetilsetting. Det har me moglegheit til. Ho blei kalt inn til intervju, og det blei gjennomført etter spelereglane saman med dei tilsette.

– Var det andre som var innkalt til intervju?

– Nei, for stillinga var ikkje utlyst. Det har me høve til å gjere i slike tilfelle. Dette er gjort i samråd med dei tillitsvalde. Då meiner me at me har fått til ei god løysing både for ho og for oss.

– Framleis unntak, sjølv om det har skjedd to gonger

Framnes (Frp) tok opp saka om manglande utlysing av brannsjefstillinga i kommunestyret, der rådmann Magnus Mjør forsikra om at dette var eit eingongstilfelle og ikkje vanleg praksis i Stord kommune. Eit halvt år seinare er det altså gjort tilsetting i ei ny kommunal leiarstilling utan ein offentleg søknadsprosess. Mjør meiner likevel at sakene ikkje kan samanliknast.

– Eg tenkjer at det er heilt riktig at ein skal lyse ut stillingar og spesielt leiarstillingar. Men her var situasjonen at Innvær hadde krav på ei stilling. Der var ikkje noko ledig stilling der ho kom frå, og difor valde me å gjere det slik. Det er framleis eit unntak, sjølv om det har skjedd to gonger den siste tida. Dette er likevel to ulike saker.

– Kva tenkjer du om dei som venta på å søkje på denne stillinga?

– Nei, det er sjølvsagt ikkje heldig. Eg forstår jo folk som hadde hatt lyst på stillinga og hadde tenkt seg å søkje på ho. Eg forstår at spørsmålet kjem. Men her måtte me som sagt løyse situasjonen og kom ned på ei god løysing. Hovudregelen er uansett at me skal lyse ut stillingar.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -