- Annonse -

350 elevar og tilsette fekk med seg trafikksikringsdagen på Fitjar.

Av: Ingrid Hovstad, Fitjarposten

I dag gjekk trafikksikringsdagen av stabelen på Fitjar. Dagen er eit samarbeid med SLT-koordinator i Fitjar, Rimbareid skule, Fitjar kommune og Fitjar vidaregåande skule. Elevane frå 9. og 10. trinn på Rimbareid og elevane frå Fitjar vgs. fekk læra om å ta ansvar.

Etatssjef for oppvekst og kultur, John Karsten Raunholm, opna dagen. Han håpte elevane gjekk heim med gode haldningar, so ein førebygger ulykker, og mykje god informasjon, so ein har kunnskap om alle faktorar.

– Det er tre steg. Ein må først sjå på haldningane sine. Syntest ein det er greitt å køyra utan tryggleiksbelte. Deretter må ein ha kunnskapen. Kva skjer om ein ikkje har tryggleiksbelte på seg i ei bilulykke i 80 km/t? Til slutt må ha ein handla. Velja å nytta tryggleiksbeltet, fortalde Raunholm.

Sjå videoklippet her:

- Annonse -

Same som bilulykke i 70 km/t

Elevane fekk so sjå eit bilslepp (sjå video øvst i saka). Sleppen tilsvara ei frontulykke i rundt 70 km/t. Deretter fekk ein sjå korleis ein skulle gå fram som første mann på stada, før brannvesen og ambulanse tok over på ulykkesstaden. Ein rigga bilen med to personar ein overlevande som vart henta med ambulanse, og ein omkomen som måtte bli klipt ut av bilen, og vart henta av gravferdsbyrå. Elevane vart minna om at sjølv om det var greitt å ta bilete i dag, må ein tenkja seg om før ein tek bilete og postar dei på internett ved verklege ulykker.

Brannvesen reddar ut personen som lev. Foto: Ingrid Hovstad

Elevane var so innom ulike postar. Her fekk dei føredrag av politiet, Sunnhordland trafikkopplæring, Statens Vegvesen og ei krisehandteringsgruppe.

NAF var på plass med «bråstopp». Her får elevane kjenna korleis eit bråstopp med bil kjennes ut i 10 km/t. Sunnhordland Trafikkopplæring læra elevane om blindsonane på ein lastebil.

Heftig rykk sjølv i berre 10 km/t. Foto: Ingrid Hovstad

Først på ulykkesstaden

Ambulansepersonell gjekk gjennom kva ein må gjera om ein kjem først til ei ulykke.

– Alltid sikra deg sjølv først. Refleksvest på og varseltrekantar ut. Bruk gjerne «Hjelp 113» appen. Den sender din GPS-posisjon til sentralen under ein naudsamtale, forklara ambulansefagarbeidar Are Eidesen.

Personellet gjekk gjennom førstehjelpsabc: airways, breathing og circulation (luftvegar, pusting og sirkulasjon).

– Når pasienten pustar kan me sjå etter blødingar. Det er elles veldig viktig å halda pasienten varm til ambulanse kjem, fortalde Eidesen.

Ambulansepersonell viser kva ein bør gjera. Legg merke til at det er bilen som vart sleppt. Foto: Ingrid Hovstad

Elevane avslutta dagen med føredrag frå Dagfinn Moe, forskar og lærar ved Sintef. Han tala om den ungdomshjernen, og om risikoåtferd kan bli påverka av læring.

- Annonse -