- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Bente Faksnes i EigedomsMegler1 har nyleg selt ein 271 kvadratmeter bustad med panoramautsikt over hamnebassenget i Leirvik til 8,6 millionar kroner.

I ein tidlegare versjon i denne saka skreiv me at det blei sett ny prisrekord i samband med salet av bustaden i Skotlio. Riktig opplysning er at det var prisrekord i den opne bustadmarknaden på Stord, då dyrare hus har blitt omsett privat.

Den uvanleg eksklusive bustaden skal byggast i Skotlio like ved Leirvik sentrum. Eit halvt år etter den vart lagt ut på marknaden, har ein kjøpar meldt seg.

Prisen? 8,59 millionar kroner. Det er ny prisrekord for einebustadar på den opne marknaden på Stord, i følgje meklar Bente Faksnes i EiendomsMegler1 på Stord.

– Det var ein bustad i Øklandslio-feltet som blei selt privat litt dyrare, men dette er prisrekord på den opne marknaden. Det er klart at me no begynner å gå opp nokre millionar her på Stord, seier Faksnes.

I fjor vart Kurt Arne Tyse sin bustad i Sjonarvegen ved Rommetveit selt privat for 8,75 millionar kroner, like over prisen for bustaden i Skotlio.

Prisrekord

- Annonse -
- Annonse -

Ho fortel at det nok har blitt omsett eigedomar over 8,59 milllionar, men då er det gjerne snakk om store tomtar med utviklingspotensiale.

– Det har blitt selt nokre eigedomar over dette, men då har ein kjøpt på grunn av at det er tomtar som utbyggarar ønskjer å utvikle. Då blir det litt feil å seie at det rekordar.

- Annonse -

Einebustaden på Skotaberg vil bli bygd av Glass & Byggteknikk AS, eit selskap styrt av Svein Hatlevik og Birger Grov.

Faksnes meiner det er to forklaringar til at denne bustaden går såpass høgt: beliggenheita og utsikta.

– Problemet i dag er at det er så vanskeleg å finne utsiktstomtar i sentrum. Det er jo klart at dette er ein liten indrefilet av ein tomt.

Kjøparen av bustaden får ein skikkeleg panoramautsikt over heile hamna i Leirvik og mot Kvinnherad-fjella. I tillegg har bustaden ein utleigedel, noko Faksnes framhevar som attraktivt for slike bustadar.

Uvanlege kjøparar

Faksnes opplyser at slike bustadar gjerne får interessentar som ikkje vanlegvis er på jakt etter ny bustad.

– Har du panoramautsikt og beliggenhet, då er det klart du finn i kjøparar du gjerne ikkje har hatt på visning tidlegare. Dei sit gjerne i ein bustad før som dei er nøgd med, og så dukkar dette eksepsjonelle opp. Dette er gjerne ikkje kjøparen du har sett på marknaden før.

Dette bygget vil bli rive for å gi plass til den nye einebustaden.

- Annonse -