Prisvinnarane Randi og Kristoffer Dalen, flankerte av ordførar Wenche Tislevoll og kultursjef Bente Bjelland. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Fitjar kommune sin næringspris for 2018 går til Randi og Kristoffer Dalen. 

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

– Gjennom ei årrekkje har dei bidrege med store og uredde satsingar med utgangspunkt frå garden i Dalen på Fitjar. Ekteparet Randi og Kristoffer Dalen er verdige vinnarar av næringsprisen 2018, skriv juryen.

Ekteparet har stått bak ei rekkje satsingar i Fitjar-samfunnet dei siste åra:

  • Engasjement i Kråko og utbygging av fritidsbustader i Kråko hytteområde.
  • Bygging og etablering av Fitjar Sjø og Camping.
  • Legg til rette for tradisjonell campingturisme og meir fast etablert camping. Her driftar ein og selskapslokale med matservering og catering frå eige kjøken.

– Og til sist og ikkje minst den siste storsatsinga innan tradisjonelt landbruk. Dei nemnde punkta er med å fremja turisme, handel og matvaresikkerheit på ein positiv måte og er utan tvil med å setja Fitjar på kartet, skriv juryen.

– Overraskande

Til Fitjarposten seier Randi og Kristoffer at dette var overraskande, men svært gledeleg.

- Annonse -
- Annonse -

Onsdag kveld tok dei imot ordførar Wenche Tislevoll og Bente Bjelland til ein enkel blomsterseremoni i den nye floren i Dalen.

- Annonse -

Ordførar Wenche Tislevoll la i den korte talen sin vekt på at både Randi og Kristoffer Dalen er arbeidsmennneske, som jobbar mykje.

– Og meir skal det bli, seier Randi Dalen, og legg til at ho skal overta drifta av PS Bryggekafé i Kråko.

Fitjarposten sluttar seg til gratulantane.

Sjølve prisen vil bli delt ut seinare.

- Annonse -