Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Politiet har ikkje hatt tid til å undersøke to meldingar om ein mistenkeleg mørkkledd mann i Kårevik/Hornelandsvågen.

Fredag kveld publiserte Kåreviksmarka Velforening eit Facebook-innlegg, som til no er delt om lag 300 gonger. I innlegget vert det åtvara om fleire tilfelle der barn i Hornelandsvågen/Kårevik skal ha blitt oppsøkt av ein mann.

Politiet stadfestar overfor Stord24 at dei blei kontakta av to personar i løpet av fredagen. Den første meldinga kom inn klokka 17.49.

– Fredag ettermiddag ringte det inn ein far som meldte at den 10 år gamle sonen hans hadde treft på ein mørkkledd mann som sprang etter han, seier André Skram Hansen, vaktleiar ved Haugesund politistasjon.

Dette skal ha skjedd i bustadfelta Sæbøsteinen/Hjortåsen på Stord.

– I følgje faren hadde guten sprunge heim igjen. Etter dette hadde han ikkje sett noko meir til personen.

- Annonse -

Den neste meldinga fekk politiet inn i 21-tida fredag kveld.

– Då kom det ein ny melding frå nokon som hadde observert ein mistenkeleg mørkkledt person. Dette skal vere noko som skal ha skjedd tidlegare. Det er ukjent kva tid denne hendinga skal ha skjedd.

Politiet stadfestar at dei ikkje har fått tid til å undersøke tipsa i løpet av det siste døgeret.

– Det ser ut som at operasjonssentralen vurderte å ikkje sende ut patrulje på dette. Kvifor det ikkje er gjort det veit eg ikkje. Men det kan vere at dei har hatt andre ting som har hatt større prioritet. Det var ein travel kveld i går i politidistriktet, med mange trafikkuhell.

I følgje velforeninga i Kåreviksmarka skal det i tillegg ha skjedd to episodar der barn er blitt forsøkt dratt inn i ein busk på veg til skulen. Politiet kan ikkje stadfeste at dei har fått melding om dette.

– Bør folk i dette området vere engstelege?

– Det er bra at folk er merksame. Dette er jo eit bustadfelt, så eg hadde nok sjølv vore merksam. Det er viktig at folk er vakne og ringer til politiet dersom dei ser noko. Men eg reknar med at politiet på Stord vurderer dette nærmare på måndag, seier vaktleiaren.

Stord24 har vore i kontakt med lensmann på Stord, Roald Raunholm. Han seier han ikkje er blitt informert om saka.

Veit du noko om denne saka? Du kan tipse Stord24 ved å sende ein mail til redaksjonen@stord24.no, eller ved å skrive ei melding til oss på Facebook.

- Annonse -