Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein mann i 70-åra vart sendt til sjukehus etter ei ulukke i eit fjøs ved Stuva på Stord.

Like før klokka 13 onsdag fekk politiet melding om uhellet, då ein mann falt om lag to meter inne i eit fjøs tilhøyrande ein gard på Stuva.

I følgje politiet er det uvisst korleis det gjekk med mannen etter hendinga, men han var bevisst då han vart teken hand om av helsepersonell.

– Me blei varsla av helsevesenet om ein mann som pådrog seg brotskadar i nedre del av kroppen etter fall i eit fjøs. Han skal ikkje vere alvorleg skada, opplyser operasjonsleiar Brit Randulff i Sørvest politidistrikt.

Bakgrunnen for uhellet er førebels ukjent, skriv politiet. Men dei etterforskar ikkje hendinga som eit arbeidsuhell.

– Dette er ikkje å karakterisere som eit arbeidsuhell. Det betyr at det ikkje er gjort i arbeidssamanheng. Her var det eit familiemedlem som hjelpte til, seier operasjonsleiaren.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ho fortel at politiet rutinemessig vil opprette ei undersøkingssak for å sjå om det har skjedd noko straffbart.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -