Mange millionar stamceller blei teken ut av kroppen til Karina, for å så bli sett inn igjen etter ei cellegiftkur i fjor. Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Etter at Karina Haaland (27) frå Fitjar betalte ein halv million av eiga lomme for stamcellebehandling i Moskva, fekk ho draumebeskjeden: Ho er kvitt MS-sjukdomen!

I 2016 fekk Karina Haaland frå Fitjar beskjeden om at ho fekk den alvorlege sjukdommen MS.

Trass i hennar unge alder gjekk det fort nedover med forma. Ho fekk stadig nye symptom og kjende at kroppen blei verre. Ho hadde ein aggressiv form for MS.

Som 27-åringen fortalde til Stord24 i fjor, såg ho ikkje noko anna lys i tunnelen enn å prøve ein eksperimentell stamcellebehandling i Moskva, som ikkje er tilgjengeleg i det norske helsevesenet.

For dette måtte ho ut med ei halv million, der over halvparten er blitt samla inn frå lokalsamfunnet.

Skulle få vite korleis det går

No er det gått ti månadar sidan behandlinga, og Karina drog tilbake på kontroll i Moskva for å sjå korleis sjukdomen hadde utvikla seg. Nervane i var i høgspenn.

- Annonse -
- Annonse -

– Tankane surra voldsomt. «Var det komt nye lesjoner/plakk i hjernen min?», «var det komt nye lesjoner i ryggmarg, siden eg har slitt med ryggverk i det siste?», «hvis MS-en allerede er tilbake, korleis vert då utsiktene mine for resten av livet?», «var eg fortsatt sjuk, eller kunne det hende at eg no var kvitt MS-monsteret for godt?»

Karina Haaland (i midten) saman med personalet på sjukehuset i Moskva etter at ho fekk den gledelege beskjeden. Foto: privat

Då resultata frå prøvene kom fekk 27-åringen beskjeden ho nesten ikkje hadde turt å håpe på. Prøvane på MR-bileta viste ingen nye arr i nervesystemet. Ikkje nok med det – nokre av dei tidlegare arrveva som MS-sjukdomen hadde gitt ho hadde krympa i størrelse.

– Frysningane kom på heile kroppen og eg vart utruleg letta. Eg brast i gråt av glede. Alle bekymringane forsvant og eg følte meg 100 kilo lettare, seier Haaland.

«Do not think about MS anymore!»

Tidlegare har legen sagt at ho eigentleg må vente fem for å vere heilt sikker på at behandlinga har vore vellukka. Men resultata var så gode at legen garanterte allereie no at ho var kvitt sjukdomen.

– Då eg spurte svarte legen: No, my friend, you are MS-free now. It’s safe to say it now. Enjoy life, do not think about MS anymore!»

- Annonse -
Karina Haaland har hatt god støtte og selskap hos sin firbeinte ven etter at ho kom heim frå MS-behandlinga i Moskva. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Fitjar-jenta har vanskeleg for å skildre takksemda ho kjenner på etter å ha fått denne beskjeden.

– Kjensla var berre heilt ubeskriveleg god! Heile den tøffe prosessen for eit år sidan, var no så verkeleg verdt det. Eg er så glad for at eg har fått denne moglegheita, men samtidig så sint og skuffa over det norske helsevesenet som ikkje tilbyr denne behandlinga som verkeleg reddar liv, seier ho.

– Kor hadde eg vert den dag i dag, utan denne behandlinga? Den tanken tør eg ikkje å tenkja på ein gong! No er eg MS-fri og livet smiler som aldri før!

Takka bygda si

Karina har heile tida vore open om sjukdomen og behandlinga på bloggen hennar. Etter at ho delte dei strålande nyheitene på Facebook før helga, har ho fått over 100 rørande kommentarar frå støttespelarar og vener.

– Eg vil gjerne gripe moglegheita igjen til å takke det fantastiske lokalsamfunnet mitt som betalte til saman nesten 270.000 for at eg skulle få sjansen til å bli frisk igjen. Som eg er den dag i dag. Dette er ein gledesdag utan like.

Idag var dagen der eg fekk bekrefta at eg har vunnet i "helselotto"!! 😍 WHAT A DAY !! 🙌 Eg blir bare meir og meir glad…

Geplaatst door Bethankful op Vrijdag 5 april 2019

- Annonse -