Sjukepleiarutdanninga starta opp på Ådland i 1977 før flyttinga til Rommetveit. Foto: Høgskulen på Vestlandet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

I 1977 starta 24 studentar på første kull på sjukepleiarhøgskulen på Ådland. Fire tiår seinare har utdanninga forsynt regionen med totalt rundt 2500 sjukepleiarar.

Tysdag inviterte campus Rommetveit til jubileumsfest i samband med at sjukepleiarutdanninga på Stord no har eksistert i 40 år.

Rektor Berit Rokne og tidlegare student og noverande Brann-trener og alumni ved sjukepleiarutdanninga, Lars Arne Nilsen, var blant dei som deltok på markeringa. Det vart spesielt lagt vekt på kor viktig utdanninga har vore for å sikre nok sjukepleiarar til regionen.

Eit tal som monnar

– Utdanninga har rekruttert godt i frå Sunnhordlandskommunane. Eit lite estimat viser at sjukepleiarutdanninga på Stord gjennom desse 40 år har forsynt regionen med 2537 kandidatar. Det er eit tal som monnar, skriv høgskulen i ei melding.

Mangel på sjukepleiarar på 70-talet var noko av bakgrunnen for at Hordaland fylkeskommune oppretta sjukepleiarutdanning på Stord.

- Annonse -
- Annonse -

Det som då heitte Fylkessjukehuset på Stord var naturleg nok avgjerande for at utdanninga starta opp på Ådland, eit par steinkast frå sjukehuset. Det tok ikkje lange tida før utdanninga var i full drift med seks kull under utdanning i 1980.

Regional betydning

Studieleiar ved sjukepleiarutdanninga på Stord, Leif Steinar Alfsvåg, fortel at utdanninga har vore svært viktig langt utanfor Stord sine grenser.

- Annonse -

– Eg tenkjer at utdanninga først og framst har hatt ein lokal og ikkje minst regional betydning med tanke på at ein har fått utdanna kvalifisert helsepersonell til sjukehus og kommunale helsetenester. Det gjeld ikkje minst for Os og området der.

– Kva er dei største endringane som har skjedd ved utdanninga på desse 40 åra?

– Det er eit godt spørsmål. Det har blitt ein mykje meir akademisering av utdanninga. Samtidig er det viktig å seie at praksisen framleis er ein like viktig del av utdanninga ai dag som for 40 år sidan. Studentane har 50 prosent praksis, noko som er betydeleg meir enn veldig mange andre profesjonar.

Stortingsrepresentantane Liv Kari Eskeland (H) og Magne Rommetveit (Ap) var blant dei som hadde møtt opp til markeringa. Foto: HVL

Store forandringar

I 1994 blei sjukepleiarutdanninga ein del av Høgskulen Stord/Haugesund, då det også var sjukelpleiarutdanning i Haugesund. Studenttalet på utdanninga på Stord hald fram med å auke, og samlokaliseringa med lærarutdanninga på Rommetveit vart ein realitet i 2004.

Høgskulen på Vestlandet skriv at sjukepleiarutdanninga på Stord har gjennom åra vore gjennom store forandringar. Studenttalet har auka monaleg dei siste åra. Forskinga har fått ein mykje større plass, og krava frå eigarane har vorte skjerpa.

– Samlokaliseringa har berre vore positivt ved at ein har skapt eit høgskulemiljø. Det har nok berika campus og heile læringsmiljøet på Stord, seier Alfsvåg.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -