Toget i år var det lengste i Handballfestivalen si historie. Foto: Amalie Sydnes/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

For 30. gong vert det arrangert handballfestival her på Stord. For mange er dette årets høgdepunkt.

Av: Amalie Sydnes

Folkelivet og entusiasmen viste seg òg tydeleg att i toget i dag, der mange glade born og vaksne møtte opp på Leirvik skule for å gå ned til torget på Leirvik. Her var det mange kjekke og kreative kostyme å sjå. Stemninga var på topp, og toget trekte til seg mange tilskodarar som ville få med seg handballspelarane. Til tross for litt regn var godt humør på plass.

– Det kjekkaste med helga er å spele handball med vennene mine og å gå i toget. I år har eg kledd meg ut som ein cowboy. Det gjer ikkje noko om det regner litt, me har det like kjekt for det, fortel stavangerjenta Karen Nygaard.

Nygaard og lagkameratane meiner helga ikkje kunne vore noko betre. Sjølv om det er dårleg vêr kosar dei seg her på handballfestivalen.

Sjå blinkskot frå folkefesten:

- Annonse -

Festivalleiar Kjartan Grov er nøgd med årets festival. I år er det 438 lag som er påmeldte, altså omlag 6000 deltakarar. I tillegg er det rundt 700 frivillige som er med å hjelpe til for å få ein kjekk festival.

– Alt har stått til forventningane. Eg er svært nøgd med handballfestivalen i år, det einaste eg kunne ynskje var litt betre vêr, fortel Grov. Alt går slik som det skal, og no berre kosar eg meg og kikkar på kampar.

Grov fortel at han er heldig å ha med seg 25 kjekke folk i hovudkomitéen som er med på å dra lasset.

– Utan dei hadde ikkje ting godt rundt så bra som det gjer no. I tillegg har dei i hovudkomitéen med seg andre som òg hjelp til. Det er bra det er mange som ynskjer å vere med. Utan dei hadde me ikkje klart det, seier Grov.

Årets handballfestival er altså i full gong, og stemninga er på topp.

Stord-rådmann Magnus Mjør fekk eit godt overblikk over folkelivet på Torget frå arbeidsplassen hans på rådhuset, her kan du sjå nokre glimt:

Opning av Handballfestivalen på Stord. Fantastisk stemning😊

Geplaatst door Magnus Mjør op Zaterdag 8 juni 2019

- Annonse -