Illustrasjonsfoto: Wikimedia Commons
- Annonse -

Dei neste to dagane er det venta svært høg vasstand fleire stader langs kysten, og det er sendt ut oransje farevarsel.

– Oransje farevarsel betyr at det er ein alvorleg situasjon, og at ein må vere førebudd, opplyser Martin Granerød ved Meteorologisk institutt til NRK.

Farevarselet er sendt ut for fylka Møre og Romsdal, Vestland, Agder og Telemark og Vestfold. Den høge vasstanden kan mellom anna føre til at Bryggen i Bergen blir overfløymd.

Det er òg åtvara om høg vasstand, gult farevarsel, i delar av dei nemnde fylka og i Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark.

Meteorologisk institutt tilrår alle som er i dei utsette områda, om å sjekka fortøyingar og fjerna verdifulle ting frå naust.

- Annonse -

Allereie frå tysdag føremiddag kan vasstanden i Vestland fylke kome 45-55 cm over høgda i tidevasstabellane, opplyser NRK. Meteorolog Lars Andreas Selberg ber alle sikre båtane sine.

- Annonse -
- Annonse -

– Dei som har båt bør sjekke fortøyinga. Det kan også vere lurt å ta vekk verdifulle ting frå naust, for det er ein moglegheit for at det kan kome vatn inn. Det er berre å førebu seg.