Gulating lagmannsrett. Foto: Wikipedia (CC-lisens)
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Lagmannsretten meiner det er risiko for seksuelle overgrep både på kort og lang sikt, heiter det i dommen.

Mannen i 50-åra blei i Sunnhordland tingrett dømt til 19 års fengselsstraff, for svært grove og langvarige valdtekter mot si eiga dotter, og vald og trugslar mot resten av familien.

Påtalemakta anka dommen, då dei meinte ugjerningane var så grove at ein forvaringsdom var naudsynt.

No har ankesaka gått for Gulating lagmannsrett. Retten konkluderer med at ei forvaringsdom er på sin plass, og dømmer mannen til 17 års forvaring med ei minstetid på ti år. Det skriv Haugesund Avis.

– Lagmannsretten meiner det er risiko for seksuelle overgrep både på kort og lang sikt. Tiltalte sine evne til å etablere kontakt med kvinner bidreg til risikoen for seksuelle overgrep i nye relasjonar, heiter det i dommen.

Ikkje mindre risiko med høg alder

I dommen frå Sunnhordland tingrett vart mannen idømt vanleg fengselsstraff på grunnlag av at tiltalte vil ha ein så høg alder at risikoen for nye overgrep vil vere redusert. Dette synet deler ikkje lagmannsretten.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Tiltalte sin alder, som vil vere 68 år etter endt soning av ein dom på 17 år, reduserer ikkje i seg sjølv risikoen, står det i dommen.

Aktor la på førehand ned påstand om ein forvaringsdom på 19 år, med ei minstetid på 12 år.

Mannens sin forsvarer, advokat Trond Hjelde, sa retten måtte frikjenne klienten hans for overgrepa, og meinte forklaringa til dottera var «for god» til å vere sann.

Forvaring kan berre dømmast farlege tilreknelege lovbrytarar når ein ordinær tidsavgrensa fengselsstraff ikkje er tilstrekkeleg for å ivareta samfunnsvernet.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -