- Annonse -

Halsnøy Dokk vert ein av 20 norske hamnar som får millionstøtte til etablering av landstraumanlegg.

Det er Enova som har delt ut totalt 118 millionar kroner til 20 norske hamar for å få dei til å etablere anlegg for landstraum.

Halsnøy Dokk i Høylandsbygd er ein av hamnane som er plukka ut. Hamna vil motta rundt 5,7 millionar kroner i landstraumanlegg.

Sparar mykje

Målet ved løyvingane er å redusere utsleppa frå skip som ligg i ro til kai.

– Heile sju prosent av klimagassutsleppa frå sjøfarten skjer medan skipa ligg heilt i ro ved kai, så landstraum kan kutta store utslepp, seier administrerande direktør Nils Kristian Nakstad i Enova i ei pressemelding.

- Annonse -

Løyvinga er utvilsamt gode nyhende for Halsnøy Dokk, som opplever gode tider etter at dei i fjor fekk kontrakt på oppdraget med å ta seg av rigget Deepsea Metro II.

Borerigg på landstraum

– Me har jobba mykje med å marknadsføre oss fram til no. Dette oppdraget vil setje oss endå meir på kartet og me vonar det vil gjere det lettare å få på plass rigg nummer to, sa dagleg leiar Frode Grønstøl i Halsnøy Dokk til Sysla i fjor.

Borekjempa Deepsea Metro II har allereie fått landstraum på Halsnøy sidan i fjor haust.

Fylkesmannen har tidlegare motteke klagar frå naboar som har reagert på høgt støynivå frå dokken på Halsnøy. No kan dei glede seg over landstraumanlegget, som vil fjerne behovet for å la motorduren gå om nettene.

Løyvinga til Halsnøy Dokk er den einaste av dei 20 løyvingane frå vårt distrikt. Elles har Bergen fått løyvingar til tre hamnar, og Stavanger til to. Når det gjeld Eldøyane på Stord så ligg deg inne i budsjettet til Stord hamnestell å etablere landstraumanlegg i løpet av nær framtid.

Klikk her for å sjå alle løyvingane til Enova.

- Annonse -