No blir det samanhengande sykkelsti på Hystadvegen. Foto: Google
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Hordaland fylkeskommune skal bruke 4,5 millionar kroner på vidare utbetring av sykkelveg langs Hystadvegen.

Halvparten av pengane har blitt direkte løyva frå staten mot at fylkeskommunen betalar den andre halvparten.

Pengane skal i følgje fylket nyttast til å ferdigstille siste del av Hystadvegen, som totalt er 900 meter lang. Stord kommune har tidlegare fått tildelt midlar til gang- og sykkelveg langs denne vegen. Seinast i september i fjor vart det løyva 4,5 millionar kroner.

– No er det rom for å etablere eit samanhengande gang- og sykkeltilbod på heile strekninga mellom Leirvik sentrum og Rommetveit. Dette vil gi trygg tilkomst til mellom anna skule og idrettsanlegg, og eit effektivt og berekraftig transportalternativ til regionsenteret Leirvik, skriv fylkeskommunen.

Sigbjørn Framnes er gruppeleiar for Stord Frp. Foto: Stord kommune

– Stordpakken stoppa andre prosjekt

Men at Hystadvegen blir så kraftig prioritert av fylket kan kanskje oppfattast som merkeleg, sidan vegen ikkje var blant dei prioriterte gang- og sykkelvegane som låg inne i Stordpakken, som no er røysta ned.

Sigbjørn Framnes (Frp) meiner dette har sin naturlege forklaring.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Her er du inne på kjerna, slik me har argumentert for i debatten. Me som fylkesplitikarar har ikkje hatt moglegheit til å prioritere til dømes Litlabøvegen, så lenge denne har vore inne i Stordpakken. Stordpakken har blokkert for utbygging av sykkelvegar på Stord.

Framnes seier løyvinga frå fylket er eit bevis på at det er pengar å hente.

– Dette synleggjer at det er pengar til vegutbetring i fylket. Difor reagerer eg når lokale politikarar seier det er utopi å få midlar utan bompengar.  Når Stordpakken no er lagt død kan me legge andre vegprosjekt inn i regional transportplan.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -