Foreldreutvalet ved Langeland skule vil gjere Langeland skule endå større. Foto: Stord kommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Floken har løyst seg for seksåringane ved Langeland skule. No stadfestar rektoren at dei får plass ved Langeland skule til hausten.

Engasjementet har vore svært stort etter at kommunen hadde eitt møte foreldra til seksåringane som bur i området Hornelandsvågen. Grunna sprengt kapasitet på Langeland skule oppmoda kommunen desse foreldra om å sende borna på Tjødnalio skule, ein skule som ligg meir enn seks kilometer vekke.

Positiv melding

No ser det ut som det vert ei løysing på situasjonen, i det minste for komande skuleår. Måndag føremiddag sendte rektor Anita Eriksen ut denne meldinga til foreldra som var med på møte med rektor og kommunalsjefen fredag før helga:

Til føresette som var på møte fredag 19. mai på Langeland skule! Me har etter møtet gått gjennom prosedyrane i høve til tildeling av skuleplass. Innkallinga de fekk til førskuledagar er stadfesting på at dykkar barn har fått skuleplass på Langeland skule.

– For dette året har situasjonen løyst seg. Me veit ikkje heilt korleis det har løyst seg. Så me må berre halde jernet varmt så ikkje same problemet kjem til neste år, fortel John Magne Langåker som er ein av foreldra som har engasjert seg sterkast i saka.

- Annonse -
- Annonse -

Ny runde til hausten

Kommunalsjef Mariann J. Hilt sa på informasjonsmøte før helga at saka om justering av krinsgrensene vil bli lagt fram for politikarane til hausten. Då er det snakk om skuleåret 2018/2019. Difor er situasjonen på ingen måte endeleg løyst.

- Annonse -

– Me er veldig letta over at det no gjekk greitt utan noko meir styr. No er det såpass kort tid før skulestart og har ikkje lyst på noko meir styr no. Me har jo vore veldig kampklare, sidan veldig mange av oss er klare på at desse grensene ikkje må flyttast, seier Langåker.

Det er framleis ikkje avklart korleis ein skal gjere det praktisk mogleg å få plass til alle dei 63 førsteklassingane til hausten. Foreldregruppa som var samla i helga diskuterte saman med FAU løysingar som dei ville spela inn til kommunen.

Utvida skuledag

– Me landa på to alternativ som me vonar kan vere løysingar. Det eine kan vere at 7. klassingane ved Langeland kan nytta Stord vidaregåande sine lokale på Heiane. Kanskje det kunne vore ei positiv ting for dei største elevane å sitje meir for seg sjølv. Alternativt ser me at det kunne vore mange aktuelle plasseringar for ein brakkerigg på skulen, seier Langåker.

Det har ikkje lukkast Stord24 å kome i kontakt med kommunalsjef Mariann J. Hilt, men til Sunnhordland seier ho at dei vurderer fleire alternativ.

– Me har fleire alternativ som me ser på. Til dømes har det blitt tatt opp om det er spesialrom som kan brukast, eller om ein kan utvida skuledagen for å få kabalen til å gå opp. Men det er ikkje sikkert at dette blir løysinga, seier Hilt til avisa, og reknar med at endeleg løysing vil vere klar i løpet av denne veka.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -