Bømlingen vart teken i promillekontroll på Stord i november i fjor. Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein 34 år gammal mann frå Bømlo blei teken teken i promillekontroll på Stord.

Det var ein søndag føremiddag i november i fjor at bømlingen blåste raudt på promillekontroll i Sagvågsvegen på Stord.

Utandingsprøven viste at han ein time seinare hadde alkoholkonsentrasjon i blodet tilsvarande 0,49 milligram. Dette skal i følgje retten straffast for køyring tilsvarande 0,98 i promille.

Mannen har tilstått forholdet. Saka vart derfor avgjort ved ei tilståingsdom i Sunnhordland tingrett.

Retten skriv at slik køyring normalt skal straffast med fengsel på vilkår og bot tilsvarande halvannan månadsinntekt.

- Annonse -

For bømlingen sin del vil det seie at han må betale 67.500 kroner til statskassa.

- Annonse -
- Annonse -

I tillegg blir han dømt til 20 dagars fengsel, men slepp å sone denne straffa dersom han held seg vekke frå straffbare forhold dei neste to åra.

Han mistar også retten til å føre motorvogn for ein periode på 21 månadar. 34-åringen må avlegge full førarprøve for å få førarkortet tilbake.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -