På bilete f.v: Dagleg leiar Nina Meldahl Olsen, Moster Amfi, dagleg leiar Gro Jensen Gjerde, Samarbeidsrådet for Shl, dagleg leiar Linda Øen, Sunnhordland Museum og styreleiar Svein Arne Theodorsen, Moster Amfi.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Hordaland fylkeskommune har løyvd 1 million kroner over to år til utvikling av Geopark Sunnhordland. 

I november vart det kjent at Sunnhordland får status som nasjonal geopark.

Bakgrunnen for statusen er at Samarbeidsrådet for Sunnhordland har identifisert ei rekke geologisk interessante stadar i Sunnhordland, som dei ønskjer å samle. Frå gullgruvene på Bømlo til gruvegangane på Litlabø.

Får tilsett prosjektleiar

No løyvar altså Hordaland fylkeskommune éin million kroner til prosjektet. Det gjer at dei mellom anna kan tilsette ein prosjektleiar som skal jobbe med utviklinga geoparken.

– Dette betyr at me har midlar til å gjere veldig mykje av det arbeidet, og at me får tilsett ein prosjektleiar som kan ha fokus på det. Det er ein god del kostnadar som me no får finansiert, seier dagleg leiar i Samarbeidsrådet, Gro Jensen Gjerde.

Ho fortel at eitt av måla med utviklinga av geoparken er å få UNESCO-status.

- Annonse -
- Annonse -

– Arbeidet me no gjer skal legge grunnen til at me seinare skal søkje om UNESCO-status. Det er veldig mykje spennande arbeid som skal gjerast, og me skal inolvere veldig mange.

- Annonse -

Vil styrke reiselivet

Ikkje minst skal satsinga styrke reiselivet i Sunnhordland.

– Me er inne i eit system som marknadsfører regionen utad i Norge. Får me UNESCO-status vil me saman med 110 andre geoparkar i veldig mange forskjellige land få marknadsført oss til verda.

Gjerde fortel at dei tek sikte på å opne geoparken allereie hausten 2019.

– Då skal det også arrangerast ein konferanse om geoturisme. Dei har spurt om me i Geopark Sunnhordland kan arrangere denne.

Arbeidet med geoparken skal gjerast i samarbeid mellom blant anna Moster Amfi, Sunnhordland museum Rosendalstiftinga og Samarbeidsrådet.

- Annonse -