Stord folkeblbiotek. Foto: Stord kommune
- Annonse -

Stord folkebibliotek vil saman med Høgskulen på Vestlandet arrangere ei rekkje litteratursamtalar med krig som tema.

– Me ønskjer å få fram ulike perspektiv på krig, konflikt og fred frå 2. verdskrigen til den
norske deltakinga i krigen i Afghanistan, fortel biblioteksjef Bjørnar Withbro.

Saman med HVL har dei fått 60.000 i støtte frå Fritt Ord til prosjektet, som vil ta utgangspunkt i nyare samtidslitteratur som tek opp aktuelle problemstillingar innan krig og fred.

– Biblioteket ønskjer å invitere forfattarar av både sakprosabøker og
skjønnlitterære bøker om emnet krig og fred. Mellom dei emna som er tenkt teke opp, er ulike sider av tysk propaganda under 2. verdskrigen med forfattarføredrag og framsyning av film.

Folkebiblioteket vil også ta opp problemstillingar i vår eigen samtid, nærare bestemt om krigen i Afghanistan i litteraturen.

– Eit seminar om barn i krig og flukt i nyare barne- og ungdomslitteratur, står også på programmet.

- Annonse -

Stord folkebibliotek vil også samarbeide med nettavisa Framtida.no., Stord filmklubb og Den kulturelle skulesekken på Stord om gjennomføringa av opplegget.

- Annonse -