Den raude ringen markerer området der kvinna vart funnen, på austsida av Budalsvatnet. Kart: Google
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Leitemannskap frå politiet og Raude Kross søkte søndag ettermiddag og kveld eller ei kvinne i 50-åra som hadde gått seg vill i Stord-fjellet.

Rett før klokka 23 søndag kveld melde politiet på Twitter at leiteaksjonen fekk ein lukkeleg slutt.

Kvinna i 50-åra var i kontakt med familie og leitemannskap då ho hadde gått seg vill ved Ravatn. Ho var sliten etter å ha vore i fjellet sidan tidleg søndag, men var ikkje skadd då leitemannskapa fann ho.

– Letta og glad kvinne vert ledsaga ned frå fjellet, melde politiet på Twitter.

- Annonse -

Ho vart ifølgje politiet funnen på austsida av Budalsvatnet.

Ifølgje Haugesunds Avis brukte Raude Kors drone i aksjonen for å lokalisere kvinna, og hundepatruljar deltok både frå politiet og frå Norske Redningshunder.

- Annonse -